Før- og ettertest: Korleis måle elevenes nivå og framgong?

itsl1JPG

Informasjon om elevens kompetanse kan nyttast i både læraren og eleven sitt vidare arbeid:

 a. FORMATIV VURDERING (FØRTEST)

Gi elevane ein prøve før arbeid med eit tema for å kartlegge kunnskapane.
-Det kan vere ein digital test  (t.d. i itslearning).
-Eller det kan være ein lydfil eller skjermvideo med spørsmål til. Elevane kan levere inn svar i ei undersøkjing i itslearning eller i eit Google-skjema.

Førtesten er eit grunnlag for å gi ei framovermelding  til den enkelte elev eller heile klassen som grunnlag for arbeid med tema.

 b. SUMMATIV VURDERING (ETTERTEST)

Når arbeidet er fullført, kan elevane få same prøve, eller ein utvida prøve som dokumenterer kva elevane har lært.

 Kjelde:  Hilde Larsen Damsgård og Cecilie Isaksen Eftedal, BEDRE SKOLE nr. 1 2015, s. 27.