Framandspråk

itsl1JPGKorleis kan prøver/testar vera med på å få til eigenvurdering hos elevane og gode framovermeldingar frå læraren?

I framandspråk er det mange digitale verktøy som kan nyttast til dokumentasjon og vurdering for læraren og fremja refleksjon over eigen læring for eleven. Her er nokre døme på dette:

1. Før- og ettertest
2. Individuelle nivådifferensierte tester.
3. Munnleg prøve med framovermelding

Av digitale tenester som kan brukast, kan ein nemne Duolingo for schools. Denne er både nettbasert og har eigne appar til alle mobileeiningar. Her kan lærarar opprette kurs og fylgje med i progresjonen til elevane. Elevane kan òg ta ein nivåtest inne i Duolingo.

For dei som vil ha eit sertifikat på kva dei kan i eit språk, har dei Test Center.