Helsefag

I helsefag er der mange praksissituasjonar ein kan dokumentere og vurdere med video. Mobile einingar som t.d. iPad kan nyttast saman med eigne appar for videovurdering. Då kan ein gi gode konkrete og visuelle tilbakemeldingar som hjelper eleven vidare. Elevane kan òg oppfordrast til å levere eigne prov på læring i form av videoopptak. Her kan mobilar nyttast til å ta bilete eller videoar som igjen kan lastast opp til lærer for vurdering via t.d. ClassroomGoogle Disk eller itslearning.

Elevar og lærarar kan samarbeide ved å skrive i saman i eit Google-dokument eller i One Note.

Elevar og lærarar kan kommunisere og ha ein dialog på ei lukka Facebook-gruppe og dele bilete, lenker og videoar der.

Omfattande bruk av video krev stor lagringsplass, og då kan det vere lurt å nytte enten YouTube eller ei skylagringsteneste til dette.

helse-500x254

Her kan ein sjå ein film frå Udir om korleis jobbe med kriterier og eigenvurdering: