IKT og læring

Her vil vi vise gode døme på pedagogiske og didaktiske tilnærminger til læring og vurdering, med bruk av IKT.

2015-02-20 20.14.20

“If we teach today’s students as we taught yesterday’s, we rob them of tomorrow.” 
― John Dewey                                                             Kjelde: Goodreeds.com Februar 2015

I lista til høgre finn du relevant fagstoff for å gi god læring og fullføring til elever, der digitale verktøy nyttast naturleg i faget. Er læraren er ein tydeleg klasseleiar og nyttar digitale verktøy der det høver fagleg godt, vil ein kunna auka motivasjonen, relasjonen og læringsutbytte til eleven.

Vurdering for læring, med bruk av IKT er eit viktig emne innafor eigenvurdering, attendemelding (feedback) og undervegsvurdering. Å samarbeide på same dokument med samskriving i sanntid på t.d. Google dokument der læraren kommenterer undervegs, er ideelt til m.a. gruppearbeid.

Du finn ressursar på omvendt undervisning der faglege instruksjonsvideoar ligg som testar på t.d. Itslearning (LMS). Innafor Video er YouTube eit gigantisk personleg læringsnettverk (PLN). I fylgje wikipedia (2012)  har dei fire milliarder filmklippvisningar kvar dag, og det vart lasta opp 60 timer med nye videoar per minutt! Mange elevar startar med å søkje på YouTube om dei skal læra noko nytt eller få hjelp. Dette kan læraren utnytte i mange fag. Her er eit døme i engelsk yrkesfag.

Å bruke studieteknikk med IKT, er største fordelen at notatane er lagra elektronisk. Har du t.d. OneNote notater frå undervisning vil dette liggja klart for søk på alle dine IKT einingar (BYOD) samstundes.

Ein må nytte nettvett og kjenne til korleis ein skal oppføra seg med å ikkje spreie diskriminerande bilde eller tekst, som kan føre til uheldige konsekvenser for seg sjølv eller andre.

Å bruke spel i fag er nytt og spennande. Det er sjeldan ein ser eit så stort engasjement og motivasjon hos elever, som når ein tek fagquiz med Kahoot.

Du finn døme på undervisning og forsking innafor temaet IKT og Læring.

Framtidas arbeidarar uansett yrkesgruppe vil måtte beherska IKT med ulike tilnærmingar. Medarbeidaren må beherska tekst eller elektroniske tabellar i samarbeid eller via e-post. Tømraren må dokumentera byggeprosessen med kamera eller video på mobilen. Bilmekanikaren må kople til bilen ved service, for å kommunisera med titals datamaskiner. Den digitale utviklinga har gått med stormskritt og framtidas jobbar vil vere minst like komplekse der IKT og datateknologi er ein naturleg del av arbeidskvardagen.

lerepyramide

LÆRINGSPYRAMIDEN                                     Kjelde: Variert undervisning mer læring, Kari Repstad mf.

Læringspyramiden er omtala i pedagogisk litteratur i over 30 år. Han er framleis  ein viktig faktor for å gi godt læringsutbytte og  fullføring for eleven.

Læringsplakaten frå UDIR er sentral for lærarar som vil variere undervisninga.

Sjå i menyen til høgre for døme.