Koding i skulen

Fil_000Dei siste åra har der vore fleire initiativ for å få programmering eller koding inn i skulen. Organisasjonen «Lær Kidsa Koding» står bak kurs og aktivitetar i fleire norske byar, og i desember arrangerer dei «Kodetimen», etter det internasjonale initiativet «Hour of Code», der dei vil at alle elevar skal få ein time med undervisning i å programmere. Tanken bak er at verda i dag har vorten so dominert av digitale tenester som alle er laga av programkode, at denne kompetansen i å sjølv kunne lage og påverke denne, no må sjåast på som ein viktig demokratisk og framtidsretta kompetanse. Barn og unge skal ikkje berre konsumere teknologi, men óg kunne skape ny teknologi. I England har koding kome på læreplanen alt i grunnskulen med det same pensumet som Informasjonsteknologi1 og Informasjonsteknologi2 har i vår vidaregående skule. Og i Norge vil det frå 16-17 vere eit pilotprosjekt med koding som valfag i ungdomsskulen. I oktober var der ei eiga konferanse om spel og koding i skulen i Bergen. Videoopptak derifrå finn de her.

IKTsenteret har laga eit notat om koding i skulen(PDF):
Image 21.04.2016 at 10.47 (1)

Torgeir Waterhouse frå IKT-Norge m.fl. argumenterer her for kvifor koding er viktig:

På NRKskole har Torgeir Waterhouse et lengre innlegg om det same:

 

Koding kan vere alt i frå å lage nettsider, appar og program som kan utføre ulike oppgaver som til dømes å styre installasjonar. Alt dette kan vere relevant i mange fag og studieretningar. Det grunnleggande med koding er å forstå og handtere algoritmar. Utprøving, feiling, korrigering er sentralt når ein kodar, og mange hevdar at dette er er samanfallande med god læring.

Døme på verktøy

For dei yngste råder ein til å nytte visuelle kodeverktøy som Scratch:

For dei over 12 år er det meir tenleg med tekstbaserte verktøy som t.d. Python. Eller kanskje vil ein lage seg ein eigen app til iPhone? Ei oversikt med innføring og kurs finn de her. Biblioteket i Bergen har fleire tilbod innan dette.

Koding i fag

  • Matematikk: I denne videoen(spol til 1:03:20) viser dei korleis koding med verktøya Processing(gratis til alle plattformer) og NetLogo kan nyttast til å betre forståelsen i matematikk.
  • Musikk: Sonic Pi kan nyttast til å programmere musikk.

    Arduino/Genuino

Makerspace

Koding heng tett i saman med styring av einingar og kan gjerast med ulike verktøy som Arduino, Raspberry Pi, Makey Makey, Little Bits m.fl. Arna vgs har et læringsprosjekt om vaffelrobot med Arduino, og Bergen Katedralskole har et læringsprosjekt om bruk av dataloggarar. For innkjøp av Arduino, sjå her.

Å kode eller programmere er ikkje eit mål i seg sjølv. Målet er å skape noko, og mykje av det ein kan lage på denne måten finn ein på sokalla «Makerspace», skaparplassar og eigne «Maker Faires», skaparmesser. Fleire av desse miljøa har organisert seg i NorwayMakers som slår eit slag for digital sløyd for å fornye skulefaga. Biblioteket i Bergen har ein eigen verkstad om ein vil vitje og prøve ut medan VilVite-senteret har ein eigen VilLage-verkstad med opplegg til vidaregåande skular.

Skulen i framtida: Kvifor er koding i skulen viktig? Kode, samarbeide og skape!

På konferansen «Spill og koding i skolen» i Bergen i 2015, snakka Sir Ian Livingstone om kvifor koding i skulen er viktig. Han har vore ein viktig pådrivar for å innføre koding på læreplanen i Storbritannia for alle trinn.

Eit anna britisk initiativ er Rasperry Pi, ein komplett og billig programmerbar pc på eit lite kretskort: