Opplæring i Mindjet

Bakgrunn og mål

Knarvik vidaregåande skule har fått støtte frå Hordaland fylkeskommune til å kjøpe inn lisens til Mindjet for alle elevar og tilsette. Målsettinga er å gje alle opplæring i dette tankekartverktøyet. Dette programmet gjer det mogeleg for elevar å laga tankekart som enkelt kan redigerast og endrast til lineær tekst. Verktøyet har også avanserte funksjonar for prosjektplanlegging og matematisk analyse, men dette vert ikkje omfatta av dette læringsprosjektet. Erfaringane våre til no tyder på at programmet blir meir brukt av elevar/klassar der læraren nyttar programmet.

Aktiviteter i prosjektet

AktivitetErfaringerFra mnd.Til mnd.
Kurs for lærarar 16.08.2013 16.08.2013
1- times intro. kurs for alle elevar 02.09.2013 04.10.2013
Evaluering via It\'s learning 20.01.2014 01.04.2014

Erfaringer underveis

Erfaringane våre til no tyder på at programmet blir meir brukt av elevar/klassar der læraren nyttar programmet. Kurs for elevane bør ikkje vera lenger enn ein skuletime og bør repeterast. Tilbakemeldingane er så positive at vi ønskjer å halda fram med å kjøpa lisens til dette programmet. Totalkostnaden er ca. kr 15000 i året for oss (meir enn 1300 potensielle brukarar).

Oppsummering og veien vidare

Prosjektet held fram og kvar klasse på Vg 1 vil kvart år få ei innføring i bruk av programmet på ein skuletime. Skal ein få elevane til å bruka programmet aktivt, er det viktig at lærarane også nyttar det og nyttar det i situasjonar der det høver godt. Vi vil oppmoda elevane om å presentera god praksis på bruk av Mindjet.