Smartbok

Bakgrunn og mål

Mål: Opplæring i og bruk av Smartbøker i programfaga på utdanningsprogram Teknikk og   industriell produksjon, Vg1 TIP/ VG1 Elektro.

Prosjektet har fleire pedagogiske målsetningar:

  • Integrering av IKT på ein fagleg god måte i undervisninga
  • Smartbøkene som hjelpemiddel til betring av studieteknikk
  • Hjelp til lesesvake elevar.

 

Smartbok gir elevar og lærar større funksjonalitet for både elev og lærar; t.d innlest tekst som i ei lydbok, høve til å ta notatar og markeringar, søka etter innhald, sjå bilete og spela av filmar. Ein kan bruka Smartboka online, og ein kan lasta ho ned til PC/MAC og til nettbrett og ein kan difor også nytta ho saman med prosjektør og interaktive tavler.

Erfaringer underveis

Lesesvake elevar gir uttrykk for at Smartboka er eit veldig godt hjelpemiddel fordi elevane har alt lærestoffet sitt samla på ein stad (tekst, bilete, video, lydfiler etc). Dette gir godt oversyn og lettar innlæringa. Lay-out er meir freistande og lydfilene er meir behagelege å høyra på. Det er lett å finna fram i Smartboka og dette senkar treskelen for svake elevar.

Smartboka er fleksibel og oppdatert og har fungert godt når den har vore brukt i samla klasse.