Digital samhandling i leiargruppa

Bakgrunn og mål

Bakgrunn for prosjektet

I dette prosjektet ynskjer vi å sjå korleis ein kan nytta Microsoft Surface Pro 4 for ulike brukargrupper ved skulen:

  • Alle leiarane i administrasjonen – eit ynskje om å utnytta Surface til arbeid og reise, då den er lettare en ein PC. I tillegg vil dei prøva ut OneNote som verktøy i samskriving.
  • Ein lærar/ eKoordinator – prøva ut Surface i undervisning med trådlaus prosjektør.
  • IKT-konsulent – support og teknisk støtte.

 

Mål

  • Auka kompetansen og utnytta mogelegheiter for bruk av berbar PC/brett i undervisning.
  • Auka kompetansen hos heile administrasjonen i bruk av OneNote som verktøy i samskriving.
  • Auka den tekniske kompetansen for IKT-konsulent innan alternative tekniske løysningar.

Erfaringer underveis

Vi kjøpte inn 8 stk. Microsoft Surface Pro 4 i november 2015 til ein pris av kr 13.000,- pr stk.

Desse fordelte vi til alle i administrasjonen (6 stk) og ein til eKoordinator/lærar og ein til IKT-konsulent. Vi har i ulik grad nytta desse til utprøving, og dei fleste er i dagleg bruk i dag. Erfaringane så langt er veldig varierande, men er eit fullgodt alternativ til berbar PC.

 

Teknisk: Det har  vært store utfordringar med stadig systemoppdateringar av  Surfacen. I starten hadde vi problem med varmgang og svært dårleg batteritid. Først dei siste fire mnd. har vi hatt stabile maskinar med akseptabel batteritid. Tre av maskinane måtte reinstallerast grunna full havari av ein eller annan grunn. Maskinane oppleveves i dag som stabile og brukarvenlege, særleg då med touchskjerm. Dei er lette, tynne og fine til reiser.

 

Undervisning

Det har vært nokre problem med tilknyting til trådlaust prosjektør, då forbindelsen vert broten med ulike mellomrom. Dette skjer ikkje med ordinære Pc-ar. Dette er også vorte betre no. Tyngda og størrelsen på maskinen gjer at den er lett å ta med seg rundt i klasserommet. Dersom ein tar av tastaturet og nyttar touchskjermen med digital penn kan ein også skrive digitalt på tavla via trådlaust.

Administrasjonen

 

Felles merksemd på bruk av dei muligheitene som ligg i Surface, Office 365 og OneNote spesielt, har gjennomgåande vore positive. Som leiargruppe arbeider vi meir strategisk og målretta enn tidlegare. Overgangen til OneNote har gjort det enklare å følgje opp framdrifta i sakene og har lagt grunnlag for ei meir heilskapleg administrativ drift.

Sjølv om vi ser dei vala vi har gjort i prosjektet som vellykka har det, spesielt i første del av perioden vore ein del «plunder og heft» knytt til val av teknologi.  Det har vore godt over middels med problem og utfordringar sett opp mot driftsstabiliteten til Surface-einingane som vart kjøpt inn i prosjektet.

Problem som kan nemnast er:  Eininga vil ikkje starte etter dvalemodus. Batteriet i eininga ladar seg ut. Problem med svakt wifi-signal og/eller at signalet  forsvinn. Problem med  ustabil trådlaus tilkopling til prosjektør, Wireles display adapter.

Feila har vore sporadiske frå eining til eining . På same vi har det vore problem med stabiliteten i tilkoplinga til OneDrive for Business. Problema med Surface og skylagringa har vore spesielt frustrerande med tanke på at vi har hatt som mål å få til ei meir rasjonell drift,  som krev at alle er «påkobla» på same tid. Dei tekniske utfordringane har gjort at det så og sei ikkje har vore gjennomført eit einaste møte i leiargruppa der dei 6 Surfacane har vore operative på same tid. Hausten 2016 har stabiliten vore noko betre.

Oppsummering og veien vidare

Prosjektet har gjeve leiargruppa høve til å samhandle på ein meir effektiv måte enn tidlegare. Trass i utfordringar med å få Surface Pro til å fungere optimalt, har vi funne måtar å bruke dette nye verktøyet på.

I tida framover vil vi vidareutvikla den digitale samhandlinga i leiargruppa, slik at vi nyttar tida vi har til rådvelde på ein mest mogeleg tenleg måte.