iPad kvardagsliv

Bakgrunn og mål

VELKOMMEN!

Du har funne prosjektsida til Ipad-prosjektet til Kvinnherad vidaregåande skule. Vi avsluttar prosjektet når skuleåret 13/14 er slutt, men erfaringane og Ipadane er no blitt ein integrert del av undervisninga på Kvardagsliv ved Kvinnherad vidaregåande skule. Det kan godt hende at det vil komme nye blogginnlegg på denne sida, sjølv om prosjektet no er blitt ein del av skulen si drift.

Denne prosjektsida tenker me har 2 hovedmål:

  • Dokumentering av prosjektet vårt
  • Deling av kunnskapen me har tileigna oss

Du kan følgje oss på bloggen vår: Klikk her.

Vi har fått støtte av Hordaland Fylkeskommune sitt prosjekt Bruk av IKT i lærings- og vurderingsarbeidet til å kjøpe Ipad’ar til alle elevane på kvardagslivsavdelinga vår. Dette er elevar som av ulike grunnar strevar med å lære, og vi ønskte å prøve ut om Ipad kunne verke motiverande og lette læreprosessen.

Prosjektetsøknad vart sendt hausten 2012, og vi fekk Ipad’ane i januar 2013. Både lærarar og miljøfagarbeidarar brukte tid dei første månadane til å gjere seg kjende med programvare og funksjonar, men ganske raskt vart bruken ein del av den ordinære opplæringa på avdelinga.

Praktiske ordningar.

Vi diskuterte type nettbrett, og enda med Ipad fordi vi trudde/ meinte at det var lettast å finne aktuelle applikasjonar til desse til våre elevar.

Vi oppretta ein Applekonto til prosjektet. Det betyr at når vi kjøper ein app kan den lastast ned til alle Ipad’ane, og brukast på dei. Kostnaden ved kjøp vert då så låg som råd. Vi knytte eit masterkort til kontoen, og lot berre ein medarbeidar ha ansvar for å kjøpe inn aktuelle app’ar.

Vi skaffa oss Griffin survivor deksel til Ipad’and fordi vi visste at dei måtte tåle røff behandling. Ipad’ane har gått i golvet mange gonger, men fungerer optimalt likevel.

Applikasjonar.

Det ligg uendeleg mange applikasjonar tilgjengeleg på nettet, og ei stor utfordring har vore å plukke ut dei som gir best opplevingar og læringsresultat for våre elevar. Prosjektleiar har vore svært motivert, og har nytta mykje tid (fritid) til å plukke ut aktuelle app’ar. Det finst ganske stort utval av applikasjonar som er gratis eller kostar svært lite, og dei dyraste vi har kjøpt kostar nokre hundre kroner.

I starten var oppsettet på Ipad’ane like, men etter kvart har vi individualisert dette slik at kvar elev har sine applikasjonar lettast tilgjengeleg.

På denne bloggen vil vi prøve å presentere nokre av dei app’ane vi har brukt, og sei litt om korleis dei verkar for oss. Våren 2014 har vi som mål å legge ut omtale av ein ny app kvar veke.

Aktiviteter i prosjektet

AktivitetErfaringerFra mnd.Til mnd.
Implementering og bruk av iPad på vidaregåande skule
Blogg om prosjektet

Erfaringer underveis

Gode erfaringar har vi hatt, og kjekt har det vore! Sjå bloggen for utfyllande informasjon.

Oppsummering og veien vidare

Sjå bloggen vår for evaluering av dei ulike appane, og for oppsummeringsnotat undervegs.

Det har vore kjekt å sjå at eit heilt kollegium på Kvardagsliv ved skulen vår etterkvart har blitt flittige brukarar av iPad i undervisninga. Elevane har glede av dette, truleg aukar læringsutbyttet, og vi som lærargruppe har utvikla oss innanfor IKT.

Ei stor takk til Fylket sentralt som støtta oss med midlar til dette prosjektet!