Talking Pierre

Publisert 30. mai, 2014 | Blogg

talking_pierre_the_parrot_free_android_2«Talking Pierre» er ein rampete, hermete og morosam papegøye som i tillegg til å gjenta det meste av det vi seier opnar for ulike «rampestrekar» som å kaste ting på golvet, kaste tomater, starte hurtigmiksaren, og spele «Smoke on the water» på gitar. Heile appen er interaktiv, og det skjer ingenting utan at du tek eit initiativ. Initiativet kan vere at du lagar ein lyd, syng ein melodi eller trykker på padden.

«Talking Pierre» driv med det som på fagspråket kan kan bli kalla spegling. Han gjentek dei lydane du lagar, og han kan setje dei saman og lage utvida kombinasjonar av dei. I tillegg har Pierre ein god hjelpar i katten Tom. Han kjem fram dersom det Pierre gjentek ikkje stemmer med dei lydane du har laga. På den måten aukar både fokus på lydane som vert laga, og høvet til å snakke om kvifor Tom må hjelpe Pierre.images

Pierre har og den eigenskapen at han hugsar kva lydar du har laga og kan kombinere dei med nye lydar eller setningar. På den måten kan han komme til å lage morosame setningar av få ord eller einskildord.

«Talking Pierre» er først og fremst ein underhaldande aktivitet, men kan truleg og klassifiserast som språkopplæring dersom han vert brukt på ein bevisst måte.

Appen krev lite kompetanse hos brukaren, og gjennom leik og utforsking kan eleven bli kjend med og trygg på bruk av iPad.

For å få tilgang til alle aktivitetane og slippe reklame kan appen kjøpast for kr. 28,- . Appen kan og brukast som gratisversjon med avgrensingar og reklame.

Korleis har me brukt «Talking Pierre», omtale og erfaring

Appen har først og fremst vore til underhaldning hos oss. Brukarar som fort går lei av pedagogisk programvare kan gjerne sitje ei god stund å samtale med Pierre.

imagesCA705VD3Vi meiner at for nokre av elevane kan «Talking Pierre» vere god språktrening. For elevar som likar å synge har vi og arbeidd med «falsk» og «rett» tone slik Tom og Pierre nokre gonger presenterer det for oss, og for elevar med uklar uttale er Pierre ein god og nøytral partnar som gjennom spegling aukar fokus på ord-uttale.

«Talking Pierre» har så stor underhaldningsverdi at han for nokre av våre elevar fungerer som belønning.

Feil/ manglar/ ønskjer.

«Talking Pierre» er ikkje laga som ei pedagogisk programvare. Papegøya gjer ting vi ikkje ønskjer elevane skal repetere, og ho repeterer ord og uttrykk vi gjerne ikkje vil forsterke. Ei utvikling av appen kan derfor vere å gje større høve til styring av det som skjer. Samstundes ser vi at då vil noko av underhaldningsverdien og gleden ved bruk forsvinne, så kanskje er Pierre ein «fyr» som skal godtakast med sine feil og manglar?

Ein tilsvarande app er Talking Super Car, og det finst fleire liknande appar.

 

 

 

 

Tankar etter NKUL 2014

Publisert 23. mai, 2014 | Blogg

07.-09. mai gjekk den 20. NKUL konferansen av stabelen. Eg var heldig og fekk delta i år. Innlegget denne veka handlar om inntrykka derifrå.

Ein av sesjonane starta med ein liten filmsnutt som illustrerer det skapande, nysgjerrige og nytenkande på ein lun og humoristisk måte. For min del oppsummerer den mange av hovedpunkta i heile konferansen, BeMoreDog; Våg å tenke nytt, søk det nye, ikkje trekk deg unna til det trauste og trygge:-)

Fleire av sesjonane på NKUL handla om deling på ulike måtar.

Samfunnet vårt er i stor endring. Bileta viser St. Peter’s plass og innsetting av pave Benedict i 2005 og Pave Francis i 2013:

http://www.forexlive.com/wp-content/uploads/2013/03/st-peters-square-before-after.jpg

Arne Krokan seier «Eg skal forby kulepenn i mine timar. Det er fordi det ikkje er delbart eller søkbart». Her er hans innlegg: Enn om læreren ikke er den viktigste ressursen for elevens læring?

Krokan snakkar om Smart læring og ikkje IKT kunnskapar. Han snakkar om blogg, sosiale medier, deling av våre ressursar, dele linkane våre, dele favorittane våre, NDLA, og bruk av digitale notater som One note, bruke Digi, samskrivingsverktøy, samt bruke til dømes scoop for å dele kunnskap og ha kunnskapane på same plass. Kunnskapsportalar på nett, kalla MOOC, ber han oss innstendig kikke på, sjå;  MOOC. Trond Giske som åpna NKUL14 snakkar og om MOOC, sjå tankekart.

StatPed sin sesjon var av stor interesse, konkret og brukarretta. Dei fortalde om sine erfaringar i App verden, og tenkjer at Appàne bør vera opne og frie der bruken vert styrt av eleven/ læraren sjølv. Dei ønskjer ikkje Appàr der lyden av bokstaven U skal førast mot bilete av ei ugle, noko som ikkje er heilt i tråd med våre erfaringar. Kanskje må ein kunne ha to tankar i hovudet på ein gong i denne saka? Dei meinar at Appàr som er frie vil verka skapande for elevane. Det vart vist bruk av iMovie, Inspiration, Inspiration Kids (tankekart; til dømes for å aktivera forkunnskapar), Key note, BookCreator, Brettboka(bøker i PDF) og IntoWords. Lydhør er og verd å kikke på for elevar som har nytte av skjønnlitterære lydbøker. Skulebiblioteka kan og bli lånerar av lydbøker frå NTB.no.

StatPed ufarleggjer begrepet spesialpedagogikk og seier at spesialpedagogikk er ikkje noko anna en god ordinær pedagogikk!

Apper i naturfagsundervisninga ved Alex Stømme (NTNU) som med stor fagkompetanse kombinert med nytenking og smart bruk av IKT involverte av deltakerane i stor grad. Me fekk lære å lage QR kodar og tips til bruk av desse td. natursti med QR kodar? Appèn Socrative som er ein parallell til MyClassFlow og Kahoot! fekk vi og prøve. Interaktiviteten, måten systemet var bygd opp på, samt mulighet til å få elevresponsen direkte inn på eigen epost ser eg som ein stort føremon i vurderingsarbeidet. Ressurs til gode Appàr i naturfagundervisninga finn ein her. Ei skattekiste for den rette:-)image

Sesjonen «Det sømmløse klasserom» presenterte programmet ClassFlow. Her får ein anledning til å arbeide fleire saman om oppgåver i sanntid. Programmet har høg grad av interaktivitet. Lærar styrer innhald/ oppgåver og elevane loggar seg på med ein pin. Resultatet av elevaktiviteten vert vist på lerret foran alle. Sjå Aktiv undervisning for utfyllande info.

TURF & HUNT kan vera eit program det er verd å legge merke til. Selskapet er danna av islanske lærerar, som såg nye vegar under den økonomiske krisa på Island i 2009. TURF & HUNT er eit program og applikasjon som veldig forenkla gir høve til å lage Geocachar sjølv. Ein opprettar ein konto på Locatify der ein legg inn eigne postar på kart, legg til ei oppgåve el. til kvar post. Dette kan vert som ein kombinasjon av Kahoot! og ordinær orientering. Elevane lastar ned applikasjonen TURF & HUNT, som er gratis, loggar seg inn med game pin, og går ut på jakt etter postane. Læraren kan følge med på kor elevane er, vegleie dei, samt følge med på progresjon i oppgåveløysinga frå si eiga datamaskin inne på skulen. Elevappen vil alltid vere gratis, men programmet er berre gratis ut juni, deretter kostar det nokre tusenlappar for lisensen. Dersom du er nysgjerrig og er i Kvinnherad, kan du sjølv teste dette ut. Last ned appen, løys inn invitasjonen med kode: ERQIXL og ta deg ein tur rundt KVV. Her ligg 7 oppgåver basert på nyhetsbilete i veke 21.

Her kan du finna alle sesjonane som er lagt ut frå NKUL 2014. Me rår deg til å bruke planleggingsdagar, midttimar ol. til å følge sesjonar av høg kvalitet.

Twitter: offisiell hasjtag: #nkul. Ein finn og litt på #nkul2014, samt #tmnkul (TeachMeet). Underteikede vert kalla @janras3.

Kvardagslivet 3

Publisert 16. mai, 2014 | Blogg

Korleis lever me med iPad no etter vel eitt år med dagleg bruk?

Å arbeide med opplæring er ein kontinuerlig prosess. Det som var bra i ein situasjon og på eit tidspunkt, er ikkje like bra ei tid etter. Slik har det og vore med bruken vår av iPad.

I byrjinga var me i stor grad på leit. Mange ulike app’ar vart prøvd, og vi oppdaga at tilfanget av programvare var svært stort. Det var tidkrevjande å leite seg fram til den beste programvaren knytt til ulike pedagogiske utfordringar.

Vår metode vart å kartleggje opplæringsbehovet til kvar av elevane, og så leite etter app’ar som kunne gje opplæringsstøtte som høvde til dette. Ideelt skulle dette vore mogeleg å lese ut frå den einskilde sin IOP, men så gode IOP’ar hadde me ikkje. Dette gav oss også eit lite dytt i retning av at IOP’ane me skriv må bli enda meir konkrete. Leitinga etter programvare har derfor ført med seg eit nytt fokus på den einskilde eleven sine opplæringsmål, og på kva vi ville at han skulle arbeide med for å nå dei.

Når vi finn app’ar som høver til ein elev og hans opplæringsmål, får vi samstundes ofte idear til korleis andre kan bruke same app’en. Det gjer at val av aktuelle app’ar både vert styrt ut frå behova til eleven, men også ut frå kva app’ar me kjenner til. Nokre få gonger har leitinga etter ein ny app starta ut frå det idelle utgangpunktet at ein av lærarane seier: «Eg skulle hatt ein app som trenar  …», men enda er me ikkje gode nok til at dette er den vanlege bestillinga.

I byrjinga vart det eit uuttalt mål for oss å ta i bruk app’ar til så mange opplæringsoppgåver som mogeleg. Etter kvart har me slappa meir av på dette, og opplever no iPad’ane som gode hjelpemiddel i tillegg til det vi alltid har brukt. Ofte viser det seg og at me finn app’ar som let oss gjere det me tidlegare har arbeidd med ved hjelp av ark, lappar og konkretar både meir effektivt og lettvindt.

Etter kvart som vi vert meir kjende i app-verda opplever vi også å finne program der vi med ein gong tenkjer at det vil ein bestemt elev ha glede og/eller nytte av å arbeide med. Det er ikkje lenger berre opplæringsmåla som styrer val av app’ar, men tilgangen på app’ar styrer etter kvart også opplæringsaktiviteten. Vi opplever det som eit positivt og nyttig samspel mellom oss og teknologien.

 

App’ar til øving og glede er viktig i vår bruk av iPad på Kvardagsliv, men etter kvart har og fotodelen blitt meir viktig. Det er enkelt å få ulike Appel-produkt til å kommunisere med kvarandre, og mange av medarbeidarane våre har ein telefon dei tek bilete med. Tidlegare har dette vore lite aktuelt fordi me ikkje ønskjer elevbilete på private telefonar. Når vi kan overføre dei direkte til iPad når vi kjem tilbake til skulen, og deretter slette dei på privattelefonen, har me funne ein måte å gjere dette på som, etter vår meining, er akseptabel.

Elevane våre har ulik evne til å snakke om aktivitetar og opplevingar, og dei skriftlege kommunikasjonsbøkene vi har brukt gir lite inspirasjon til vidare samtale med anna personell, foreldre eller dei som arbeider på bustaden. Når vi kan formidle opplevingane gjennom bilete opplever me, og får me tilbakemeldingar om, at samtalen går mykje lettare. Det er framleis ikkje sjølvsagt at iPad’en skal vere kommunikasjonskanalen mellom heim og skule, men det er lett å sjå store fordelar med det.

På skulen er det og greitt å kunne dele opplevingar gjennom bilete. Når heile gruppa hadde ein fantastisk fisketur forrige fredag, er det lett å få ein fin samtale om dette veka etter ved å plukke fram bileta av fisk og fiskarar. Truleg er bilete og video eit område me vil utvikla vidare og bruka langt meir.

IMG_0606

Lær Klokken

Publisert 6. mai, 2014 | Blogg

Appen er gitt ut av Savivo A/S og Mingiville, og presenterer analog klokke ved hjelp av ulike oppgåver og spel.

Appen har fem ulike funksjonar:lær klokken 3

• Bygg di eiga klokke
• Snakkande klokke
• Flytt visarane til rett klokkeslett
• Velg rett klokkeslett så bussen køyrer presis
• Rørslesensor som gjer at nokre av spela kan spelast ved å flytte på iPad’en.

Appen viser gjennom film kva timar, minutt og sekund er, og samanhengen mellom digital og analog klokke.

Programmet er lagt opp med eit funskjsonsnivå som høver for barn i førskulealder og litt opp i skulealder. Likevel er humoren og oppgåvene slik at også eldre unge som ikkje meistrar klokka kan ha glede og underholdning av å følgje historiane og lære av denne app’en. Det at dei ulike oppgåvene vert knytt saman med ulike historiar gjer denne appen litt annsleis enn andre appar der ei «drillar» innanfor eit tema.

Stasjonssjefen på Mingoville stasjon føl deg gjennom oppgåvene i ulike historiar knytt til klokka.

Eleven får umiddelbar respons etter kvart svar, markert med farge i eit belønningssystem.  Feil svar vert markert ved ein lyd, korrekt svar vert belønna med eit pling og ny oppgåve. Oppgåveinnstruks vert gitt verbalt.

For elevar som kan lese digital klokke kan ein i instillingar velge å at det skal visast ei digital klokke som støtte.

Lær klokken kostar kr. 14,-
Her finn du han i AppStore:
https://itunes.apple.com/no/app/l-r-klokken-norsk/id504525158?l=nb&mt=8

 

Korleis har me brukt «Lær klokken»; omtale og erfaring:

Me har brukt Mingoville Lær klokken som eit element i det å lære bruk av analog klokke. Elevane våre synest appen er morosam fordi han fortel ei historie, og fordi det kjem ulike humoristiske kommentarar innimellom.

Fordi appen har underholdningsverdi og vert opplevd som kjekk å arbeide med, er han fin som variasjon i opplæringa, gjerne noko me avsluttar ei treningsøkt med.

Me har sett at våre «vaksne» elevar i periodar treng pause frå denne appen, og har tolka det som at historiane av og til vert for barnslege.

Feil/manglar/ønskjer:

Applikasjonen er retta til gruppa barn, og det hadde vore greitt om det også hadde vore mogleg å velge historiar med meir vakse innhald.

Fordi appen har historiar knytt til oppgåvene er det lite rom for sjølv å legge inn øvingar og påverke bruken av programmet.

Lær klokken 2

 

Bitsboard

Publisert 25. april, 2014 | Blogg

50ced460e4b0c301a824d240

Kort omtale av programmet:

Dette er ein app me har  lite erfaring med. Likevel er han vert ein omtale fordi det er ein allsidig app med mange variasjonsmuligheter. 

Appen er laga for å trene språk. Det er ulike variantar for å øve på forståing av ord, det er spel-liknande oppgåver for å teste forståing, oppgåver for å øve rettskriving, memoryoppgåver, bingo med ord, og lytteoppgåver.

Totalt er det 13 ulike måtar å øve med det planlagte lærestoffet.

Orda ein øver på kan bli presentert både verbalt, som tekst og illustrert med bilete. Det er også svært mange innstillingar der ein kan velje korleis kvar av oppgåvene skal presenterast.

Oppgåvene og presentasjonen er relativt aldersuavhengig.

I Bitsboard kan ein velje ferdige treningsoppgåver (ifølge Internett skal det følge med meir enn 10.000 flashcards), eller ein kan lage sine eigne oppgåver der det kan leggast inn eigne bilete og tale. Når ein legg inn eige øvestoff vil appen sjølv automatisk lage dei ulike øvingsoppgåvene knytt til dette. Det er og mogeleg å dele det ein sjølv lagar med andre, og å hente andre sine oppgåver til eiga øving.

images-45

Når ein kjøper appen er språka Engelsk, Rumensk, Spansk og Tysk. I delte oppgåver finn vi og norske oppgåver. Tilbakemeldingane i oppgåvene er alltid på engelsk.

Bitsboard kostar kr. 70,-, og den siste versjonen vi finn er oppdatert den 11. april 2014, altså ser dette ut til å vere ein app som framleis er i utvikling.

Du finn den i AppStore her:

https://itunes.apple.com/no/app/bitsboard-r-engelsk-spansk/id516842210?l=nb&mt=8

Korleis har me brukt «Bitsboard»; omtale og erfaring:

Me opplever at dette er ein svært god app som fungerer godt for mange elevar. Det at me må lage oppgåver på norsk sjølv er nok ein av faktorane som fører til at vi brukar appen lite. Dette er ikkje ein stor jobb, men like enkelt som td. i «Spesielle ord».

Grunnen til at me bruker «Spesielle ord» meir enn «Bitsboard» er truleg at den er enklare, og verkar vere laga for å fungere med elevar på eit lågare nivå.

Appen bør kunne brukast i vanleg innlæring av ord og uttrykk på norsk eller andre språk både i vanleg språkopplæring og kanskje særleg i norsktrening for framandspråkelevar.

Feil/ manglar/ ønskjer:

Appen er brukt for lite av oss til at vi kan ha kvalifiserte meiningar om forbetringar. Likevel meiner me at tilbakemeldingane (verbalt og skriftleg) som er på engelsk uansett språk i oppgåvene er noko det gjerne kunne vore gjort noko med.

Gi oss gjerne utfyllande kommentarar om denne flotte appen!

 

 

Skriv og Lær HD

Publisert 11. april, 2014 | Blogg

Kort omtale av programmet:

Denne appen heiter Skriv og lær HD. Den kostar 28,- kroner. Han har ei relativt barnsleg stemme som les opp ord eller bokstavar. Eleven skal trykke på rett bokstav eller skrive rett ord på ein datamaskin. Eleven kan og skrive ord sjølv og få desse lese opp av iPaden. Det er enkelt å velge mellom dei tre ulike aktivitetane; enten skrive tilfeldige bokstavar etter diktat, skrive ord etter diktat, eller skrive tekst som diktat, avskrift eller svar på spørsmål.

screen480x480

Klikk på bilete for å sjå ein videosnutt der me nyttar programmet:

I starten stiller alltid appen seg på “Skriv tekst”, og brukaren må velge om det heller skal trenast på ord eller bokstavar.

Appen handterer både store og små bokstavar, og nyttar bokmål. Dei fleste orda i appen er nøytrale i forhold til språkføre.

Det er ingen innstillingar i appen, og appen gjer alle val i forhold til kva ord eller bokstavar som skal skrivast. Du kan velge om det som vert kalla lydalfabet skal stå av eller på, men vi merkar ingen praktisk forskjell om det står av eller på.

Under innstillingar kan ein velge om ein vil ta vekk bokstavlyd og talesyntese samt justera vansklighetsgrad.

Den siste oppdatteringa har endra den stemma som les bokstavane når dei vert skrivne. Det er og kome endringar i «Skriv» modus som gir støtte for STL± metoden, DVs les opp bokstavar og tekst når ein skriv.

Her finn du den i AppStore:

https://itunes.apple.com/no/app/skriv-og-l-r-hd/id650542138?l=nb&mt=8

 

Korleis har me brukt «Skriv og lær HD»; omtale og erfaring:

Me har brukt dei to enklaste funksjonane på appen; skriv rett bokstav etter diktat, og skriv ordet rett etter diktat. For ein av elevane våre gir dette ein fin progresjon etter å ha arbeidd med “Se bokstavlyden” i ein periode. Appen koblar saman det verbale og skriftlege på ein god måte.

Appen gir lite tilbakemelding når ein gjer feil, og les opp det som vert skrive når det er rett. Me  opplever at dette er ei god form for tilbakemelding. Det er og eit system for poeng, men det har ikkje vore viktig for dei me har brukt denne appen på.

Jenta som er stemmen til “Skriv og lær HD” har eit svært tydeleg språk og elevane har aldri streva med å oppfatta det som vert sagt. Det er og enkelt å høyre igjen det ein treng påminning om.

Appen har ein hjelpefunksjon på orddelen der det er mogeleg å få dei aktuelle bokstavane i ordet markert med grønt. Det er eit godt hjelpemiddel for å redusere feilskriving.

Dei nye oppdateringane har vi ikkje fått prøvd ut enda. Vi lurer på kva som er hensikta med å endre stemme i opplesinga (vaksenstemme les no bokstavane), men vi ser klare nytteverdiar av at maskina les opp heile teksten i skrivfunksjonen. Det er og fint at det no er mogeleg å slette ein heil tekst med berre eitt tastetrykk.

 

Feil/ manglar/ ønskjer:

Appen er litt treg dersom eleven er rask med tastaturet. Då overlappar bokstavane  kvarandre når dei vert lest.

Det kunne vore ønskjeleg med større høve til tilpassing av kva ord som vert nytta i orddelen. Både gjennom å ha høve til å legge til eigne ord, men også eit høve til å velge vanskegrad på ord, td ut frå ordlengd. I bokstavdelen kunne det vore ønskjeleg at det var mogeleg å velge bort sjeldne boksatvar som x,z osb.

Når elevane skriv ord dei ikkje kjenner kan vi få “leit og finn” aktivitet utan at eleven lærer ordet. Det kunne kanskje vore ein ide om ei anna stemme kom inn og sa  rett bokstav dersom eleven trykker feil, som ei slags påminning. Dette måtte eventuelt vore ein opsjon det var mogeleg å velge bort for dei som då får for mange impulsar.

Tips til applikasjonar som kan nyttast innafor spesialpedagogikk. Bare IOS: AppStore.

Publisert 4. april, 2014 | Blogg

Forrige torsdag og fredag var vi på samlinga “dei gode døma” i Hordaland fylke. Her vart det presentert mange gode idear og meiningar om bruk av IKT i opplæring. Vi fekk og høve til å presentere eit lite innblikk i vårt arbeid.

Det vart etterlyst ei liste over aktuelle Appar til bruk i kvardagslivsgrupper, og vi har derfor starta på ei liste. Har du gode idear til andre aplikasjonar som kan anbefalast kan du gjerne legge dei til i kommentarfeltet, så skal vi etterkvart ta dei med i lista.

Statped (og vi) understreker at det ikkje er slik at diagnose eller andre kategoriseringar av elevar er til særleg hjelp når ein skal velge rett app til ein gitt elev. Vår erfaring er at to spørsmål er avgjerande:

1. Kva funksjonsnivå har eleven på det aktuelle området?

2. Kva ønskjer me at eleven skal utvikle?

Lista du finn her inneheld app’ar vi har vurdert og/ eller brukt og som vi meiner kan vere nyttige i arbeidet med funksjonshemma elevar i den vidaregåande skulen. Etterkvart vil du finne omtale av mange av desse app’ane i bloggen vår. Vi vil og linke til andre skular sine bloggar når vi finn omtalar av aktuelle  app’ar.

Dersom du opnar denne sida på iPaden din, så vert du leda rett til AppStore når du trykker på dei ulike app linkane.

Me tenker at lista vil bli oppdatert regelmessig, så kikk gjerne innom:-)

Språk:

IntoWords

images3

Omtale og bruk (Blogg): IntoWords

AppStore: https://itunes.apple.com/no/app/intowords/id577014361?l=nb&mt=8

Skoleskrift

AppStore: https://itunes.apple.com/no/app/skoleskrift/id501307368?l=nb&mt=8

Skriv og lær HD

AppStore: https://itunes.apple.com/no/app/skriv-og-l-r-hd/id650542138?l=nb&mt=8

images-32

Spesielle ord

Omtale og bruk (Blogg): Spesielle Ord

AppStore: https://itunes.apple.com/no/app/spesielle-ord/id451723454?l=nb&mt=8

Se bokstavlyden

Omtale og bruk (Blogg): Se bokstavlyden

AppStore: https://itunes.apple.com/no/app/se-bokstavlyden/id542364004?l=nb&mt=8

LES2HD

AppStore: https://itunes.apple.com/no/app/les-2-hd-norge/id687299422?l=nb&

mt=8

Ordlek XL

Omtale og bruk (Blogg): Ordlek XL

AppStore: https://itunes.apple.com/no/app/ordlek-xl-r-stave-over-150/id493868383?l=nb&mt=8

Ballonger

AppStore: https://itunes.apple.com/no/app/smarte-ballonger-l-re-a-skrive/id728336280?l=nb&mt=8

SirkusSalaby Gyldendal

imageAppStore: https://itunes.apple.com/no/app/sirkus-salaby/id478281872?l=nb&mt=8

Angelinas Verden

AppStore: https://itunes.apple.com/no/app/angelinas-verden-ipad/id574770445?l=nb&mt=8

Bitsboard

AppStore: https://itunes.apple.com/no/app/bitsboard-r-engelsk-spansk/id516842210?l=nb&mt=8

Lytte

AppStore: https://itunes.apple.com/no/app/lytte/id580451255?l=nb&mt=8

Matematikk:

Math Drills Lite:

Omtale og bruk (Blogg): Math Drills Lite

AppStore: https://itunes.apple.com/no/app/math-drills-lite/id302881372?l=nb&mt=8

Dragon Box:

Omtale og bruk (Blogg): Dragon Box

AppStore: https://itunes.apple.com/no/app/dragonbox-algebra-5+/id522069155?l=nb&mt=8

Lær Klokken:

images-38

AppStore: https://itunes.apple.com/no/app/l-r-klokken-norsk/id504525158?l=nb&mt=8

King of Maths:

AppStore: https://itunes.apple.com/no/app/king-of-math/id473904402?l=nb&mt=8

Quick Maths:

Omtale og bruk (Blogg): Quick Math

AppStore: https://itunes.apple.com/no/app/quick-math-arithmetic-times/id537802071?l=nb&mt=8

Kommunikasjon/ Digital dagbok:

Moment Diary.

Omtale og bruk (Blogg): Moment Diaryimage

AppStore: https://itunes.apple.com/no/app/moment-diary-en-dagbok-for/id352263913?l=nb&mt=8

 

Lage bøker:

Book Creator Free

Omtale og bruk (Blogg): Book Creator

AppStore: https://itunes.apple.com/no/app/book-creator-free/id661166101?l=nb&mt=8

Story Buddy

AppStore: https://itunes.apple.com/no/app/storybuddy-2-lite/id508974698?l=nb&mt=8

Spesielle Historier

AppStore: https://itunes.apple.com/no/app/spesielle-historier/id478550473?l=nb&mt=8

Book Creator free

Publisert 21. mars, 2014 | Blogg

Omtale av appen

Appen me vil fortelle om denne veka heiter Book Creator. Her kan ein lage digitale bøker.

Trykk på bilete, så får du ein liten instruksjons film.

Book-Creator-for-Ipad

I ei digital bok kan ein legge til bilder, film, tekst og tale/lyd. Bildematerialet og eventuelle filmar bør ligga på iPad før ein starter arbeidet med boka., noko som gjer arbeidet enklare. Samtidig er det anledning til å ta bilete/film medan ein er inne i redigeringsmodus.

Ved å bruka Airdrop funksjonen kan ein “sende” boka mellom ulike Apple einingar. Dersom du har knytta iPaden til ein e-post kan boka sendast dit. På denne måten kan boka nokså enkelt delast med andre.

Bøker som er ferdigprodusert kan publiserast til iBook og dermed bli offentleg tilgjengelege.

Book Creator finnes i to ulike utgåver. Gratis versjon med heilt enkle basisfunksjonar, samt full utgåve som kostar 35 kroner.

Her finn du den i AppStore:

https://itunes.apple.com/no/app/book-creator-free/id661166101?I=nb&mt=8

På Mac finst eit liknande program i iBook Author. Denne er meir avansert, og eignar seg best for lærarane sin bruk.

Vår bruk:

Book Creator gir store muligheter til å lage tilpassa læremiddel for elevane våre. Enten kan læraren lage boka ut frå opplevingar saman med elevane, eller tema han ønskjer dei skal arbeide med, eller elevane kan bygge opp si eiga bok med innhald frå sin kvardag. Vi har arbeidd etter begge desse prinsippa.

Boka kan anvendast på fleire måtar. Me har brukt Book Creator til å lage ei skildring av reiser og opplevingar saman med elevane våre. Det er kjekt både for eleven, men også for personalet og kunne bruke boka som samtalegrunnlag i ettertid.

Når elevane lagar historia sjølv får vi i tillegg gleda ved produksjonen. Book Creator er så enkel i bruk at mange elevar vil klare å lage boka utan særleg mykje vaksenstøtte. Dei legg inn bilete, enkel tekst, lyd og små videosnuttar filma med iPaden.

Boka kan og brukast dersom ein skal lage ein presentasjon av eit tema/ emne. Dersom ein har laga iMovie eller for eksempel eit tankekart i Inspiration kan dette enkelt importerast til boka.

Vi tenkjer og at boka kan vere god til å illustrere handlingskjeder til dei elevane som treng det.

 

Feil/ manglar/ ønsker

Til vårt bruk har Book Creator vore eit godt verktøy der me til nå ikkje har fått mange idear om forbetringar.

Spesielle Ord

Publisert 14. mars, 2014 | Blogg

Applikasjonen heiter «Spesielle Ord» og har som formål å trene ordbilete. Her kan ein bruke eksisterande ordbilete, eller laga sjølv. Appen har 4 forskjellege vanskelighetsgrader: Ein kan matche bilde mot bilde, ord mot bilde, bilde mot ord eller ord mot ord. Det er mogeleg å endre rekkefølge på ordbilda i ordlista. Ved å ta eigne bilete og legge inn lyd sjølv, er det mogeleg å lage eigne oppgåver. Eleven sine ordbilete vert lagt inn i ordlista.

Appen inneheld 96 ferdige ordbilete. Dette er grunnbegrep som f. eks.  båt, sykkel, buss og fly. Oppgåvene ligg i blokker på 4 og 4 ord.

Dei orda som ligg i appen «Spesielle Ord», gir tilgang til å trene på 19 ulike språk.

Når «Spesielle Ord» er tilpassa på ein iPad, eller det er lagt til eigne ord og grupper, kan dette synkroniserast med andre Apple einingar. På denne måten kan same orda nyttast av fleire elevar utan at ein må leggja det inn på nytt.

Andre appar i «familie» er «Spesielle historier» og «Special Numbers». Desse kostar 98 kr per app. 

Appen kostar 98,- kr.

Her finn du den i AppStore:

https://itunes.apple.com/no/app/spesielle-ord/id451723454?l=nb&mt=8

 

Korleis har me brukt «Spesielle Ord », omtale og erfaring

Denne appen har gitt oss anledning til å tilpasse læremidlet til elevane våre på ein fin måte. Me har teke bilete av gjenstandar og laga eigne øvingsoppgåver. Deretter har me lagt til lyd. Både elevane og lærarar har lese inn lyd til ordbilete. Dette har ofte vore både morro og gøy, og det har ført til auka interesse og fokus for våre elevar. Tidsbruken på å lage ordbiletoppgåver på tradisjonell måte ,med klipp og lim, har blitt redusert. Tidlegare skreiv me på datamaskin, tok utskrift og laminerte når me laga ordbileta.  Me ser og ein føremon i at nå ligg ordbileta alltid klare når me opnar iPaden. Alle ord er der, og dei ligg i den rekkefølgen som dei plar.

Elevane likar å bruke programmet. Det er kjekt å øve, og programmet er lottoprega, som er eit konsept mange kjenner frå før.

Klikk her for å sjå ein videosnutt der me nyttar programmet:

images-32

 

Feil/ manglar/ ønsker

Appen fungerer svært godt til formålet. Det hadde vore gunstig å kunne justere responstida på ordbileta, slik at elevar som arbeider raskare kunne fått oppgåvene tilpassa. Av og til sit me og ventar litt for lenge på responsen.

Det hadde og vore fint å kunne trene eitt og eitt / to og to ordbilete. Applikasjonen gir bare høve til å trene 4 ord om gangen. Når vi introduserer appen for nye elevar vert 4 ord nokre gonger overveldande, og det hadde vore enklare med eitt og eitt ord.

Kvardagslivet 2

Publisert 7. mars, 2014 | Blogg

Her kjem eit nytt innlegg om livet med Ipad på Kvardagsliv ved KVV. Denne gongen vil vi skrive litt om organisering.

Prosjektet vårt vart initiert av rektor ved skulen. Han er oppteken av korleis ulike datahjelpemiddel kan styrkje opplæringa av elevane, og Kvinnherad vidaregåande skule har alltid lege langt framme når det gjeld bruk av datahjelpemiddel i undervisninga. At han også har syn for at elevane ved kvardagsliv er ei viktig gruppe på skulen er sjølvsagt også bra. Det har derfor heile tida vore positiv støtte til prosjektet hos rektor, noko vi set stor pris på.

Etter at vi hadde søkt om midlar etablerte vi oss med ei arbeidsgruppe, og ei litt meir formell styringsgruppe. Styringsgruppa inkluderte rektor og alle i arbeidsgruppa. Den har hatt få møte, og den daglege drifta har arbeidsgruppa teke seg av.

Vi etablerte også eit samarbeid med Statped Vest, og var heldige og fekk besøk av ein av deira fagpersonar. Det opna tilgangen til fleire nyttige nettstader, og vi fekk vurdert prosjektet med «andre auge» og kunne arbeide vidare ut frå det.

I arbeidsgruppa sit den læraren som er ansvarleg for implementeringa (prosjektansvarleg), datakonsulenten ved skulen, e-pedagogen vår og avdelingsleiar for spesialundervisning. Denne gruppa har hatt 2 – 3 møte pr halvår. Gruppa leitar etter gode løysingar på spørsmål som kjem opp i den daglege bruken av Ipad, og har samtidig vore kontaktleddet inn mot fylket si data-avdeling.

Ei utfordring vi raskt fekk var korleis vi skulle betale for app’ane vi tok i bruk. Det var oftast snakk om små summar. Vi hadde pengar å betale med, men «app-store» sender ikkje rekningar. Løysinga vår vart at ein av medarbeidarane stilte sitt kredittkort til disposisjon. Då vart det lett å handle, og det var lett å få pengane tilbake gjennom fylket sitt system.

Vi vart og samde om at det var klokt at berre ein person stod for innkjøp. Då hadde vi kontroll over kva som vart kjøpt, og kva vi har råd til å kjøpe. Vi unngår også å kjøpe inn programvare som liknar mykje på kvarandre utan først å ha ein diskusjon på kva nytt denne tilfører. Prosjektansvarleg fekk denne rolla.

Ein Ipad må vere registrert på ein e-post for å kunne handle app’ar. Vi vart samde om at alle «paddene» på Kvardagliv skulle registrerast på same konto. Då kan vi bruke ein innkjøpt app på alle dei 8 Ipad’ane, og sparer ved det pengar på innkjøp av program.

Fordi fylkeskommunen hadde eit lukka nett då vi starta prosjektet vart nett-tilgang ei utfordring. Langsomt nett som ofte fall ut førte til frustrasjonar. Prosjektleiar har derfor valgt å ta oppdateringar og nedlastingar heime hos seg sjølv. No har fylkeskommunen opna nettet for alle typar datautstyr, og problemet med nett-tilgong er løyst.

Ei anna utfordring har vore korleis vi skal få Ipad’ane og smartboard til å samarbeide. Til no har vi klart å vise innhaldet i Ipad’en på tavla, men vi får ikkje brukt touch-funksjonane i tavla til å styre app’ane. Har du eit godt råd om korleis vi får det til, kan du svært gjerne legge det inn som kommentar i bloggen vår.

Det har vore svært lite vanskar knytt til organiseringa av prosjektet. Alle i prosjektgruppa har stilt opp og bidrege positivt med sin kunnskap, og vi har hatt god støtte i skuleleiinga. Likevel er kanskje den viktigaste suksessfaktoren i prosjektimplementeringa viljen til å yte litt ekstra frå alle, både prosjektleiar, lærarar og miljøfagarbeidarar. Det er ikkje tid nok til å få til eit velfungerande prosjekt innanfor vanleg arbeidstid, så positiviteten frå deltakarane har vore eit must!