Moment Diary: MD. Digital kontaktbok.

 Kort omtale av programmet

Applikasjonen heiter «Moment Diary» og er gratis.moment diary

Denne appèn fungerer som ei digital skrivebok, der ein kan leggje inn tekst, bilete eller filmsnuttar.

Bilete kan ein ta direkte ifrå MD, eller ein kan gå i biblioteket på Ipad’en og hente derifrå. På den måten kan ein for eksempel setje inn ei sosial historie eller ein iMovie i MD. Ein kan altså lage ei sosial historie/ videoforteljing i ein anna applikasjon, lagra den i biblioteket på iPaden for deretter å importera denne i MD.

Etter kvart som ein skriv daglege rapportar, legg dei seg kronologisk nedover på sida.

Både dato og klokkeslett vert automatisk registrert.

Ein har også muligheit til å sende rapporten til e-post. Dette har me, av personvernomsyn, ikkje teke i bruk.

Me tenkjer at eit egna bruksområde er å dele informasjon til for eksempel føresette, bustad ol.

Korleis har me brukt «Moment Diary »; omtale og erfaring

Me har  brukt MD som tillegg til den ordinære analoge kontaktboka i papir.

Elevar me arbeidar saman med strevar av og til med å gjere seg forstått. Nokre har ikkje nok ord, medan andre ikkje forstår alle orda. Difor ønskte me å prøve ut denne applikasjonen først og fremst for ha muligheit til å ta situasjonsbilete og film.

Bilde og film fortel så uendeleg mykje meir enn det me greier å formidla gjennom ord.

Ved vår Kvardagslivavdeling har ein elev forsøkt denne applikasjonen dei siste månedane. Eleven har hatt iPad’en med seg i sekken til og frå skulen. Dette har fungert bra.

Dekselet, Griffin Survivor, som me har på iPad`ane har beskytta godt mot dei påkjenningane den har blitt utsatt for.  Moment-Diary Me har nytta dette dekselet frå starten av prosjektet vårt, ingen skrammer i iPadane. Me har heller ikkje masa på IKT avdelinga vår.. 🙂

Gjennom utprøving av applikasjonen har me ført rapport både på iPad og i analog kontaktbok.

Me har ikkje teke steget fullt ut og bare nytta iPad. Det er ulike grunnar til dette. Deriblant elevens eigen motivasjon for å berre å bruka MD. Eleven har  tydeleg ytra ønskje om å behalda den analoge kontaktboka. Eleven likar godt å lese andre si handskrift, likar å trene på det og synest det er ei fin utfordring å tolke ulik handskrift. Dette kan ikkje MD erstatte. Eleven har og god formidlingsevne, slik at han  ikkje treng så mykje støtte når han skal fortelje det han har på hjartet.

Feil/ manglar/ ønsker

Fungerer som eit ordinært skriveprogram, men utan rettskrivingskontroll og talesyntese. Ein kan klippe og lime rapporten inn i for eksempel IntoWords for å skaffe talesyntese, men dette blir litt tungvindt.

Ein kan heller ikkje endre skrifta.

Men med tanke på at denne applikasjonen er gratis, så fungerer den svært godt til formålet.

Me kjem nok til å ta denne i bruk til fleire elevar.

Publisert 24. januar, 2014 av Jannice