Vår erfaring er at bruk av digitale verkty er eit godt supplement til å gjennomføre munnleg vurdering og vurdering i munnleg. Dette vil nok verte meir vanleg i framtida.
Sjølv om ein del lærarar har tatt i bruk desse verktya, kunne vi godt tenkt oss at fleire nytta dei. Prosjektet har vore nyttig og opna opp for nye arbeidsmåtar for både elevar og lærarar.
Det med å finne gode vurderingsformer er alltid ei utfordring i skulen.
Det neste vi vil prøve ut er appen iAnnotate for iPad, der ein kan kombinere visuell tilbakemelding og lydfil.