Betre læring med iPad!

Bakgrunn og mål

Bakgrunn for prosjektet

Ved KVV har vi, med hjelp av opplæringsavdelinga, kjøpt inn eit fullt klassesett med iPad’er (27 elev-iPad’er og 5 lærar-iPad’er) til bruk i undervisninga. For å få til god pedagogisk bruk, ønskjer vi å arbeida prosjektretta dette og neste skuleåret med implementering av iPad’er og app’er. Prosjektet har si spire i eit tidlegare prosjekt ved KVV: iPad til spesialpedagogisk bruk. Mange av erfaringane vi fekk derifrå førte til eit ønskje om at ordinære elevar kunne dra nytte av eit IKT-hjelpemiddel som iPad er. Vi såg òg at elevar som har ekstra utfordringar som til dømes lese og skrivevanskar ol. vil kunne profittere på iPad og gode appar som er tilrettelagt for den einskilde eleven. Å integrera gode ressursar for ei større gruppe kan føra til at arbeidet med tilpassa undervisning vert enklare.

 

Klassesettet med iPad’er er lagt inn i reservasjonssystemet vårt («Rom og ressurs»)

Etter nokre månaders drift ser vi at iPad’ene vert for lite brukt. Vi trur dette har samanheng med lav kompetanse hos mange av lærarane våre i pedagogisk bruk av iPad’er, saman med lite røynsle med bruk i klassesituasjoner.

For å auka bruken, har vi lånt ut halvparten av iPad’ene til interesserte lærarar, slik at dei kan gjera seg kjent med bruken, samstundes som dei finn fram til og bruker relevante app’er i sine fag. Parallelt med dette legg vi opp til korte kurs i sentrale app,er, og vil framover tilby kurs i mellom anna Book Creator, Skylagring, iMovie, Kahoot og Inspiration (tankekart).

Mål :

  • Auka kompetansen til lærarar og elevar i bruk av iPad.
  • Bygga opp ei samling relevante og gode app’er til bruk i høve læreplanmåla i alle fag.
  • Særleg leggja til rette for bruk av iPad blant elevar med særskilte behov, til dømes dysleksi , dyskalkuli eller generelle lærevanskar.
  • Auka bruken av digitale nettressursar, til dømes Smartbøker og NDLA.
  • Arrangere workshop for lærarane ved KVV. Alle lærerar som ønskjer det, får tilbod om gratis prøvelisens på Smartbøker, samt introduksjon i bruken av desse.

 

Gje eit meir målretta og tilpassa tilbod til einskildelevar, for å førebyggja fråfall og auka læringsviljen.

Aktiviteter i prosjektet

AktivitetErfaringerFra mnd.Til mnd.
Opplæring i bruk av iPad 01.04.2015 01.08.2015
Rettleiing til lærarar og elevar 01.04.2015 01.12.2016
Støtte ved praktisk bruk i grupper/ klasser 01.04.2015 01.01.2017
Opplæring i relevante app\\\\\\\'er, inkl kurs i skylagring m.m. 01.04.2015 01.12.2016
Deltaking NKUL 2015 og BETT 2016 for ulike grupper 01.05.2015 01.02.2016
Utprøving av ulike utlånsordningar 01.01.2016 01.12.2016
Oppretting av \"Innovasjonsrom\" 01.11.2016 01.01.2017
Sluttrapport 01.12.2016 01.12.2016

Erfaringer underveis

 

Ipad-prosjekt 1 BAA 2015/16

 

1BAA (byggfag) har i vår jobbet med et prosjekt med ipad som er blitt brukt opp mot PTF og bransjelære.

Elevene har brukt ipad som verktøy opp mot dokumentasjon og HMS på byggeplass, di har brukt app HESQ til HMS- forebyggende arbeid og kontrollskjema på byggeplass. Elevene har hatt stort utbytte i å kunne tilnærme seg hverdagen i byggebransjen som nå blir mer styrt via dokumentasjon via nett.

Elevene syns dette har vært et kjekt prosjekt og har selv sett den store gevinsten ut av å kunne bruke ipad i byggeprosessen og HMS-arbeidet på byggeplass.

Elevene har jobbet i OneNote i grupper og har overført dette til Power Point og Prezi til en presentasjon for å vise frem deres arbeid.

 

Vedlagt ligg 2 typer presentasjoner av prosjektet som elvene selv har laget, den er det kun elevene som har styrt og utformet både i tekst og bilder.

Lærerens refleksjon:

Arbeidet med ipad har skapt engasjement i klassen, elevene har funnet arbeidet kjekt og meningsfullt og sett nytten av undervisningen, di har jobbet på en plattform som er vel kjent for dagens ungdom som di mestrer bra som er data/ipad,

Elevene har fått god kjennskap til HMS på byggeplass som i dag fungerer mer og mer via data og dens utvikling i bygge bransjen,

skulle eg våre så heldig og fått et slikt oppdrag i igjen ville eg fått med norsk lærer for å kunne dra nytten av den inn i prosjektet med skriving/rettskriving og oppbygning av dokumentasjon, Norsk vil nok være det faget som har størst utbytte i dette, men det kan meget lett og dra inn engelsk og matte i dette prosjektet om en ønsker det.

 

 

Mvh

Are Blokhus
Lærar Byggfag
Kvinnherad vidaregåande skule
Tlf. 90 36 14 81


http://www.hordaland.no/kvinnheradvgs