Innovasjonsrom

Publisert 2. desember, 2016 | Ukategorisert

Innovasjonsrommet

iPad-prosjektet prøver ut nye bruksformer.

 

Kvinnherad vidaregåande skule har nyleg investert i utstyr som skal legga til rette for utvikling av eit eige rom for bruk av ein del elektronisk utstyr. Saman med tidlegare innkjøpt materiell, er rommet tenkt å skapa eit arbeidsmiljø for bruk av IT-utstyr som er åtskilt frå resten av skuledrifta. Dette tillèt oss å ha eit breiare spekter av einingar kobla på nettverk i lag. Utstyr som Apple-TV, iPad’ar og datamaskiner til kurs o.l. som ofte ikkje får full bruk på HFK sitt internett, er blant det som får primærfokus. Einingar i rommet vil alltid vera på nett, og elevane slepp dermed ein del av påloggingsproblematikken vi har streva med i det ordinære nettet.

 

Rommet er også tiltenkt andre einingar som elles ikkje slepp så lett til på HFK sitt nett, som for eksempel Raspberry PI, værstasjonar, 3D-printere o.l.

 

Ipad:

Det er tenkt at lærarar kan reservera rommet og nytta det i undervisningsopplegg som kan nyttiggjere seg til teknologien i rommet.
Ein lærar som har lånt iPad’er tidlegare, har ofte hatt problem med at elevane har brukt lang tid på å få iPad’ane på nett med sin brukar-id, og ein har såleis mista dyrebar undervisingstid. I innovasjonsrommet er alle einingar alltid kopla på nett, og elevane bruker difor ingen tid på påkobling. Dette gjev meir tid til undervising/ praktisk oppgåveløysing.

 

PC:

Det er tenkt at datamaskinene som står på innovasjonsrommet kan brukast av elevar som drive med «tyngre» arbeid. Til dømes 3D-teikning, bilete- eller videoredigering og andre større oppgåver som elevane sine maskiner ofte handterer dårleg.

 

AV-utstyr:

Rommet har òg blitt oppgradert med solid Audiovisuelt utstyr som gir høve til filmframvising og/eller musikkavspeling i god kvalitet. I det lukka nettverket i rommet vil det òg vera råd å knyte Apple-TV eller Chromecast til AV-utstyret, som tillèt lærarar og andre tilsette å spegla skjerm og lyd til AV-utstyret trådlaust. Dette gjev ein stor fridom til bruk av mobile einingar i undervisinga. Noko som ikkje har lete seg gjere like enkelt tidlegare.

 

 

 

Ekstraordinært utstyr:

Ekstraordinært utstyr vil òg vera råd å kobla på det trådlause nettet. Til dømes vil ein kunna sende
3D-teikningar direkte til 3D-printer trådlaust frå iPad, PC eller andre einingar. Ein vil kunne setje opp værstasjonar eller andre «upersonlege» einingar som ikkje er logga inn med ein spesifikk brukar, slik at einingane alltid er på nett via trådlaus oppkobling. Andre einingar som smart-TV, Kindle lesebrett, NAS-stasjonar og mykje meir vil òg kunna nyttast dersom skulen ønskjer det.

 

Ny utlånsstrategi

Publisert 29. mars, 2016 | Ukategorisert

iPad prosjektendring

iPadprosjektet; Betre læring med iPad har no pågått i vel halvtanna år. Prosjektet sitt formål er å undersøke om ein kan betra lærelyst eller læreevne ved bruk av iPad i ordinær undervisning.

 

Då prosjektet starta hadde vi eit sett med 30 ipad’er som alle lærerane kunne låne i korte periodar for bruk i undervisninga. Ipad’ene vart sett opp og administrert av IKT-konsulent. Apper vart kjøpt inn via volumlisensprogrammet til Apple. Utrulling av apper vart gjort manuelt av IKT-Konsulent via Apple Mobile Manager.

Ipad’ene var relativt låste og tillot lite personalisering, da dei skulle skifte brukarar ofte (teoretisk opptil fleire gonger dagleg).

Når lærarar ønska spesifikke app’er, vart dette teke opp med prosjektgruppa, som kjøpte inn naudsynte lisenser.

Det viste seg dessverre at denne type utlån presenterte ein del utfordringer vi ikkje hadde sett føre oss. Ipad er i grunnen ein veldig «privat» einhet. Fleire av iPaden sine funsjonar er sterkt knyttet til dette.

Elevane opplevde vanskar med å setje opp iPad’en til «sin» bruk før kvar økt. Ting som å logge på nettet, laste ned sine eigne bøker på online-ressurser, logge inn på sine kontoer, på app’er og sosiale medier osv.

Prosjektgruppa noterte seg desse vanskane og bestemte seg for å prøve ein ny vri på distribusjonen og bruken av iPad’ene. Det vart bestemt av vi ville prøve å låne ut to sett
a. 15 stk til 2 klasser som vi følte kunne dra nytte av mobiliteten og «enkelheten» ein iPad representerer. Ein klasse med elever på byggfag og ein klasse med elever på Teknikk og industriell produksjon vart kontakta og tilbudt å delta på dette.

Byggfagselevene har allereide teke iPad’ene i bruk, og bruker dei no flittig i undervisninga.

Tanken bak endringa er at iPad’ene kan gi auka undervisningsverdi når elevene kan «behalde dei» gjennom heile semesteret. Dette gjev iPad’ene meir personlig preg. Håpet er at vi på denne måten eliminerer fleire av utfordringene vi hadde når iPad’ene bytta brukarar hyppig. Elevane installerer no sjølve applikasjoner og kan ta iPad’ene med seg heim og jobbe der i frå, om ønska. Elevane kan også dra nytte av eininga sin mobilitet og bruke dei til å dokumentere arbeid på f.eks byggeplass.

Når elevene er ferdig med prosjektet vil dei i samråd med lærarane skrive eit referat om sine opplevelsar med forklaringer av bruksområde, pluss og minus, samt uante utfordringar som kan ha oppstått.

Røynsler ved utlån av iPad’er til lærarane

Publisert 11. juni, 2015 | Opplæring i bruk av iPad

Vi har plassert iPad’er i eit ladeskap på kontoret til IKT-konsulenten. Her vert dei oppdatert, lada og vedlikehaldt. Den enkelte lærar kan bestille eit bestemt antal iPad’er for ein og ein dag. Bestillinga vert gjort på nettet i «Rom og ressurs». Læraren hentar iPad’er og skal levere dei tilbake etter bruk. Det største problemet med denne ordninga er at vi må purre på læraren for å få dei til å levere iPad’er tilbake.

Det er ikkje mange lærarar som har nytta seg av tilbodet, sjølv om tilbodet er godt kjent.