Innovasjonsrom

Innovasjonsrommet

iPad-prosjektet prøver ut nye bruksformer.

 

Kvinnherad vidaregåande skule har nyleg investert i utstyr som skal legga til rette for utvikling av eit eige rom for bruk av ein del elektronisk utstyr. Saman med tidlegare innkjøpt materiell, er rommet tenkt å skapa eit arbeidsmiljø for bruk av IT-utstyr som er åtskilt frå resten av skuledrifta. Dette tillèt oss å ha eit breiare spekter av einingar kobla på nettverk i lag. Utstyr som Apple-TV, iPad’ar og datamaskiner til kurs o.l. som ofte ikkje får full bruk på HFK sitt internett, er blant det som får primærfokus. Einingar i rommet vil alltid vera på nett, og elevane slepp dermed ein del av påloggingsproblematikken vi har streva med i det ordinære nettet.

 

Rommet er også tiltenkt andre einingar som elles ikkje slepp så lett til på HFK sitt nett, som for eksempel Raspberry PI, værstasjonar, 3D-printere o.l.

 

Ipad:

Det er tenkt at lærarar kan reservera rommet og nytta det i undervisningsopplegg som kan nyttiggjere seg til teknologien i rommet.
Ein lærar som har lånt iPad’er tidlegare, har ofte hatt problem med at elevane har brukt lang tid på å få iPad’ane på nett med sin brukar-id, og ein har såleis mista dyrebar undervisingstid. I innovasjonsrommet er alle einingar alltid kopla på nett, og elevane bruker difor ingen tid på påkobling. Dette gjev meir tid til undervising/ praktisk oppgåveløysing.

 

PC:

Det er tenkt at datamaskinene som står på innovasjonsrommet kan brukast av elevar som drive med «tyngre» arbeid. Til dømes 3D-teikning, bilete- eller videoredigering og andre større oppgåver som elevane sine maskiner ofte handterer dårleg.

 

AV-utstyr:

Rommet har òg blitt oppgradert med solid Audiovisuelt utstyr som gir høve til filmframvising og/eller musikkavspeling i god kvalitet. I det lukka nettverket i rommet vil det òg vera råd å knyte Apple-TV eller Chromecast til AV-utstyret, som tillèt lærarar og andre tilsette å spegla skjerm og lyd til AV-utstyret trådlaust. Dette gjev ein stor fridom til bruk av mobile einingar i undervisinga. Noko som ikkje har lete seg gjere like enkelt tidlegare.

 

 

 

Ekstraordinært utstyr:

Ekstraordinært utstyr vil òg vera råd å kobla på det trådlause nettet. Til dømes vil ein kunna sende
3D-teikningar direkte til 3D-printer trådlaust frå iPad, PC eller andre einingar. Ein vil kunne setje opp værstasjonar eller andre «upersonlege» einingar som ikkje er logga inn med ein spesifikk brukar, slik at einingane alltid er på nett via trådlaus oppkobling. Andre einingar som smart-TV, Kindle lesebrett, NAS-stasjonar og mykje meir vil òg kunna nyttast dersom skulen ønskjer det.

 

Publisert 2. desember, 2016 av brylie

Legg att eit svar