Ny utlånsstrategi

iPad prosjektendring

iPadprosjektet; Betre læring med iPad har no pågått i vel halvtanna år. Prosjektet sitt formål er å undersøke om ein kan betra lærelyst eller læreevne ved bruk av iPad i ordinær undervisning.

 

Då prosjektet starta hadde vi eit sett med 30 ipad’er som alle lærerane kunne låne i korte periodar for bruk i undervisninga. Ipad’ene vart sett opp og administrert av IKT-konsulent. Apper vart kjøpt inn via volumlisensprogrammet til Apple. Utrulling av apper vart gjort manuelt av IKT-Konsulent via Apple Mobile Manager.

Ipad’ene var relativt låste og tillot lite personalisering, da dei skulle skifte brukarar ofte (teoretisk opptil fleire gonger dagleg).

Når lærarar ønska spesifikke app’er, vart dette teke opp med prosjektgruppa, som kjøpte inn naudsynte lisenser.

Det viste seg dessverre at denne type utlån presenterte ein del utfordringer vi ikkje hadde sett føre oss. Ipad er i grunnen ein veldig «privat» einhet. Fleire av iPaden sine funsjonar er sterkt knyttet til dette.

Elevane opplevde vanskar med å setje opp iPad’en til «sin» bruk før kvar økt. Ting som å logge på nettet, laste ned sine eigne bøker på online-ressurser, logge inn på sine kontoer, på app’er og sosiale medier osv.

Prosjektgruppa noterte seg desse vanskane og bestemte seg for å prøve ein ny vri på distribusjonen og bruken av iPad’ene. Det vart bestemt av vi ville prøve å låne ut to sett
a. 15 stk til 2 klasser som vi følte kunne dra nytte av mobiliteten og «enkelheten» ein iPad representerer. Ein klasse med elever på byggfag og ein klasse med elever på Teknikk og industriell produksjon vart kontakta og tilbudt å delta på dette.

Byggfagselevene har allereide teke iPad’ene i bruk, og bruker dei no flittig i undervisninga.

Tanken bak endringa er at iPad’ene kan gi auka undervisningsverdi når elevene kan «behalde dei» gjennom heile semesteret. Dette gjev iPad’ene meir personlig preg. Håpet er at vi på denne måten eliminerer fleire av utfordringene vi hadde når iPad’ene bytta brukarar hyppig. Elevane installerer no sjølve applikasjoner og kan ta iPad’ene med seg heim og jobbe der i frå, om ønska. Elevane kan også dra nytte av eininga sin mobilitet og bruke dei til å dokumentere arbeid på f.eks byggeplass.

Når elevene er ferdig med prosjektet vil dei i samråd med lærarane skrive eit referat om sine opplevelsar med forklaringer av bruksområde, pluss og minus, samt uante utfordringar som kan ha oppstått.

Publisert 29. mars, 2016 av brylie

Legg att eit svar