E-bøker på lesebrett

Bakgrunn og mål

Øystese gymnas og Norheimsund vidaregåande skule ønskjer å stimulera til lesing utover lesing av pensum-litteratur. Lesing er ein grunnleggjande eigenskap. For å meistra skulefaga må ein forstå kva ein les og helst ha god nok lesefart.

Frå 1. januar 2015 vart fordelinga av kulturfondbøkene endra. Vidaregåande skular mister retten til å få kulturfondbøker.

Alle dei vidaregåande skulane og alle kommunane i fylket, bortsett frå Bergen er med i ordninga om lån av e-bøker gjennom E-lån Hordaland. E-Lån Hordaland er tildelt tre kulturfondsett og i tillegg har Hordaland fylkesbibliotek fått løyvd midlar til innkjøp av e-bøker.

Korleis freistar med elevane til å låna ei «usynleg bok»? Dei nye trykte bøkene stiller me ut på nye bøker-hylla og me kan halda bokpratar der me viser fram bøkene i klassen. Korleis kan me få elevane til å ta i bruk E-lån Hordaland?

Mål

Lesing er ein grunnleggjande eigenskap. Lesing er opplevingar. Lesing er kunnskap. Lesing skaper empati og forståing. Lesing er tidsfordriv. Lesing utfordrar. Lesing kan vera vanskeleg. Lesing er som så mykje anna, ein må trena for å bli betre. Alle fortener å få gode leseopplevingar.

  • Elevane skal styrkja lesedugleiken sin gjennom gode leseopplevingar.
  • Skulen skal leggja til rette for bruk av e-lån Hordaland.
  • Å ønskja elevane velkommen inn i den digitale verda og derifrå la dei la seg føra vidare inn i fantasi og virtuell røyndom og på denne måten skapa gangs menneske som ikkje plagar andre.

Aktiviteter i prosjektet

AktivitetErfaringerFra mnd.Til mnd.
Leseprosjekt i 4 klassar 01.11.2015 01.06.2016
Evaluering når lesebretta går vidare til neste klasse.

Erfaringer underveis

Det skal ikkje vera enkelt å kjøpa 40 lesebrett

Kva type lesebrett skulle me velja? Kindle vil ikkje snakka med elanHordaland.no, så det gjekk ikkje. Sony reader er eit enkelt og godt fungerande lesebrett som Sony har slutta å produsera. Me fekk eit slikt eit på billigsal, men me skulle jo ha to klassesett…

Kobo hadde ikkje nettlesar. Pocketbook-ettlesaren var diverre ganske vanskeleg å bruka.

Valet vårt fall på Tolino Shine. Nettlesaren såg ut til å fungera fint og prisen var overkommeleg. Brettet blei berre seld av ein nettbutikk og det var Cyberphoto.no.

Hordaland fylkeskommune krev EHF-faktura. Det hadde ikkje Cyberphoto…. Fylkeskommunen kunne godta papirfaktura nett i dette tilfellet. Cyberphoto kunne ikkje senda papirfaktura. Sommarferien kom. Me tok ein tenkjepause og kom fram til at bibliotekaren bestiller lesebretta med kredittkort og refusjon gjennom reiserekningssystemet.

Då sommaren var over var Cyberphoto utselde for Tolino Shine som me hadde testa. Dei ga oss eit godt tilbod på eit nyare og forhåpentlegvis betre brett: Tolino vision 2.

Lesebretta er mottekne og testinga er starta. Målet er å laga eit opplegg som gjer det så enkelt som mogeleg for elevane å komma i gong med å låna bøker frå elånHordaland og å lesa bøker på lesebrett.

Neste utfordring. Tolino vision 2 vil ikkje snakka med trådlaust nett i HFK…

Oppsummering og veien vidare

Lesebrett utan nye e-bøker

Lesebrettprosjektet kan diverre ikkje vidareførast i den forma me hadde tenkt. Planen var at elevane skulle få tilgang til eit større utval av ny litteratur gjennom å låna bøker via elanhordaland.no. Hordaland fylkesbibliotek varsla at plattforma for e-bokutlån skulle ut på nytt anbod. Me blei veldig overraska då Fylkesbiblioteket gjekk for ei løysing som berre er tilgjengeleg for brukarar som har Android eller Apple nettbrett eller telefon. Lånarar som ønskjer å lesa e-bøkene på lesebrett, PC eller Windows-nettbrett eller telefon vil ikkje lenger få tilgang til e-bøkene. Det er veldig dumt at lesebretta som blei kjøpt inn til vårt prosjektet ikkje kan nyttast til å lesa bøker me låner lenger.

Utlån

I 2015 hadde skulane totalt 80 utlån av lesebrett og 175 utlån av e-bøker. Ein del av låna er dei tilsette på skulane si testing og bruk av lesebrett og e-boktenesta. Utlånet av e-bøker utgjer 6,3 % av det totale utlånet frå skulebiblioteka (utanom lærebøker). E-bokutlånet har med andre ord ikkje teke av.

Utlån av lesebrett med e-bok

Lesebretta som ikkje var utlånt til elevar i klassane er blitt lånt ut til andre elevar og tilsette. I dei fleste tilfella har bibliotekaren lånt e-boka og lagt boka inn på lesebrettet og så er lesebrettet lånt ut til lånaren. Dette har stort sett fungert fint. Ulempa er at lånetida for e-bøker berre var 21 dagar, så om boka ikkje var utlest til då, måtte lånaren innom bibliotekaren for å få lånt ut boka på nytt.

Informasjon om lesebretta til elevar og tilsette i prosjektgruppa

Alle elevar og tilsette som var med i prosjektet blei lagt til på eit fag på itslearning som heitte lesebrett. Her blei det lagt ut informasjon om instruksjonarar om e-bøker og lesebrett. Litt under halvparten av dei som vart lagt til, har besøkt faget i prosjektperioden.

Opplæring i bruk av lesebrett og lån av e-bøker

Bibliotekaren fekk komma i klassane og informera om tenestene og ha opplæring i bruk av lesebretta.

I første klassen viste bibliotekaren ein PowerPoint-presentasjon med framgangsmåte trinn for trinn. Dette fungerte ikkje så godt. Elevane brukte ulik lang tid på å gjera kvart trinn og fekk ikkje med seg neste trinn om dei ikkje var ferdig med det dei dreiv på med. Heldigvis hjelpte lærar og dei elevane som sjølve først fekk lånt seg bok,  resten av elevane med å komma vidare.

I den andre prosjektklassen var gruppa mindre. I tillegg til lærar, var ein IT-medarbeidar med og hjelpte til med opplæringa. Lærar ønska fokus på formidling av bøker, så første del av timen blei brukt til bokprat der bibliotekaren prata om bøker, viste lenkar til e-bøker og viste nokre bok-trailerar som ligg på YouTube. Elevane fekk utdelt presentasjonen med framgangsmåte for å låna e-bøker på papir, så gjekk lærar, bibliotekar og IKT-medarbeidar rundt og viste kvar einskild elev. Det var òg god hjelp i superbrukar, ein elev i klassen som har fått ekstra opplæring i bruk av dataverktøy for å kunne vera ein ressurs for medelevane sine. Superbrukar er vant med å driva opplæring.

Den siste opplæringsøkta fungerte mykje betre enn den første. Det var lettare med kvar sine trinn for trinn-instruksjonar og individuell hjelp. Det er greitt å ikkje ha for store grupper når ein skal ta i bruk nye dingsar.

Bruka av lesebrett

Det krev litt tilvenning å bruka lesebretta. Du bør i tillegg endra innstillingane til slik det passar deg. Dei ulike bretta har forskjellige løysingar for korleis det er lettast å overføra e-pub-filene til bretta og til dømes korleis ein blar i bøkene. Tolino vision som blei kjøpt inn til prosjektet har to innstillingar som det kan vera greitt å endra på.

  1. Om du tappar med fingrane på baksida av brettet, så blar du. Denne funksjonen er mogeleg å skru av dersom du blar meir enn du hadde tenkt…
  2. Lys: Lyset står på som standardinnstilling. Dette er praktisk om du les i mørke rom, men du brukar mykje batteri om lyset står på. Det er derfor lurt å slå av lyset om du ikkje nyttar det.

Brukarvurdering av lesebretta

31 av deltakarane i prosjektet svarte på spørjeundersøkinga om lesebrettprosjektet. 61 % av dei som svarte likar å lesa bøker eller likar litt å lesa bøker. 39 % svarte at dei ikkje likar å lesa bøker.

Gruppa delte seg i to i høve til om dei likte å lesa på lesebrett eller ikkje. Halvparten svarte ja og halvparten svarte nei.

Litt over halvparten synst at utvalet av bøker var for dårleg på elanhordaland.no. Fleire nye bøker og fleire ungdomsbøker og fleire nynorskbøker blei etterlyst. Likevell så fann 45 % ei bok dei likte godt og 20 % ei bok dei likte midt på tre. Ein skulle så klart å ha ønska at alle fann ei bok dei likte kjempegodt, men det skal kanskje noko til å overbevisa dei 39 % som seier at dei ikkje likar å lesa bøker. Me kunne brukt meir tid på å hjelpa kvar einskild med å finna ei bok som passar for akkurat dei.

Litt under 1/3 synst det var lett å komma i gong med lesebrettet, litt under 1/3 syntest at det var vanskeleg å komma i gong. Litt over 1/3 syntest at det var litt vanskeleg å komma i gong. Problema var hovudsakleg knytt til at nedlastinga av bøker var litt komplisert, at ein måtte ordna med Adobe-id for å få opna boka. I tillegg gjekk det ikkje an å bruka Tolino på elevane sin tilgang til trådlaust Internett på skulane.

Brukarane fekk spørsmål om i kva form den neste boka dei kom til å lesa (fritidslesing) ville vera. 18 personar (58 %) ville velja ei papirbok, 3 personar ville lesa bok på lesebrett, 2 personar ville lesa bok på PC, 1 person ville lesa på nettbrett eller telefon. 8 personar (26 %)svarte at dei ikkje kjem til å lesa nokre fleire bøker. 7 av 31 svarte at dei alt har eit lesebrett eller kjem til å skaffa seg eit lesebrett.

Kva var bra med å lesa på lesebrett?

  • Lite og praktisk å ha med seg
  • Lett å lesa på
  • At det var lys på brettet, slik at ein kan lesa i mørkret
  • Kjekkare å lesa på lesebrett, enn i papirbøker
  • Det var enkelt å finna tilbake til sidene ein hadde lese og bokmerker ein la inn
  • Brettet var lett med god skjerm og hadde god batteritid
  • Behageleg leselys, ikkje mobillys
  • Fungerer i sollys
  • Mange bra bøker på elanhordaland.no
  • Enkelt å lasta ned bøker

Kva var dårleg med å lesa på lesebrettet

  • Vanskeleg å komma i gong første gongen
  • Lesebrettet var treigt
  • Lesebrettet gjekk tilbake til startsida utan at ein visste kvar ein var
  • For lett å komma borti knappar og funksjonar ein ikkje ville bruka
  • Dårleg skjerm, den blinka for mykje
  • Bytte for lett side/vanskeleg å bla
  • Vanskeleg å leggja inn bøker
  • For dårleg utval av bøker på elanhordaland.no
  • Vanskeleg å finna bok ein ville lesa
  • Dårleg nettlesar/dårleg operativsystem
  • Dårleg toutch
  • Treigt når ein skifta mellom sider og applikasjonar
  • For lite tekst på sida

Ut i får svara om kva som var vanskeleg med lesebrettet, så går nok noko av det på å gjera seg kjend med brettet. Ein må endra skriftstorleik etter kva som som passar ein. Blir storleiken for stor, må ein bla ofte. I tillegg tar det litt tid å venna seg til kvar på brettet ein skal ta for at dei ulike funksjonane skal fungera som ein skal. Drar ein ned midt på Tolino, skjer det noko anna enn om ein sveipar fingen bortover. Funksjonen som med at dersom ein tappar bakpå brettet, så blar ein kan òg vera lurt å slå av om ein lett blar når ein ikkje har tenkt det. Brett med ein knapp for å bla, kan vera enklare å bruka enn Tolino der ein anten må bla på skjermen eller dunka lett bakpå brettet.

Fleirtalet av dei som har svart på undersøkinga ønskjer helst å lesa papirbøker. Kanskje lesebrett vil bli eit meir naturleg supplement til papirboka etter kvart? Når ein til dømes skal ut og reisa eller drar på ein tung skulesekk, så er det praktisk å ta med eit lite, lett brett som inneheld mange bøker.

Framtida

Det blir spanande å følgja utviklinga av lesebrett og e-bokmarknaden. Universiteta melder om at dei kjøper inn fleire og fleire e-bøker, så for elevane våre som blir framtidige studentar er nok bøker i e-bokformat noko dei kjem til å nytta seg av i større grad enn no.

Vidare bruk av lesebretta:

Me vil sjå an situasjonen litt, men har nokre alternativ. Me må sta stilling til om me skal prøva å selja lesebretta og kjøpa små nettbrett i staden for eller om det finst annan fornuftig bruk av lesebretta:

  • Nye klassesett på norsk og engelsk blir kjøpt inn i epub-format og lånt ut på lesebrett.
  • Nytta lesebretta når elevar og tilsette skal lesa klassikarar som er fritt tilgjengeleg i epub-format.

Lesebrett og lærebøker

I prosjektskissa hadde me òg tenkt å testa ut det å ha lærebøkene på lesebrett. Dette hadde me tenkt å sjå meir på i høve til den andre klassen som skulle lesa på lesebrett. Sidan desse klassane ikkje er komne i gong, så vil me venta litt med denne delen av prosjektet. Dei brettbøkene me har hatt tilgang til å testa frå forlaga, har ikkje vore råd å overføra til lesebrett. Her må me undersøkja meir kva som er tilgjengeleg. Tekstboka i norsk vil til dømes vera ei bok som burde egna seg til utlån på lesebrett.

Prosjektleiar i permisjon

Astrid Holmefjord som er prosjektleiar for Lesebrettprosjektet går ut i permisjon 11. februar 2015. Me tar difor ein pause i lesebrettprosjektet til Holmefjord er tilbake i stillinga si som bibliotekar januar 2017.