Brukarevaluering

31 av deltakarane i prosjektet svarte på spørjeundersøkinga om lesebrettprosjektet. 61 % av dei som svarte likar å lesa bøker eller likar litt å lesa bøker. 39 % svarte at dei ikkje likar å lesa bøker.

Gruppa delte seg i to i høve til om dei likte å lesa på lesebrett eller ikkje. Halvparten svarte ja og halvparten svarte nei.

Litt over halvparten synst at utvalet av bøker var for dårleg på elanhordaland.no. Fleire nye bøker og fleire ungdomsbøker og fleire nynorskbøker blei etterlyst. Likevell så fann 45 % ei bok dei likte godt og 20 % ei bok dei likte midt på tre. Ein skulle så klart å ha ønska at alle fann ei bok dei likte kjempegodt, men det skal kanskje noko til å overbevisa dei 39 % som seier at dei ikkje likar å lesa bøker. Me kunne brukt meir tid på å hjelpa kvar einskild med å finna ei bok som passar for akkurat dei.

Litt under 1/3 synst det var lett å komma i gong med lesebrettet, litt under 1/3 syntest at det var vanskeleg å komma i gong. Litt over 1/3 syntest at det var litt vanskeleg å komma i gong. Problema var hovudsakleg knytt til at nedlastinga av bøker var litt komplisert, at ein måtte ordna med Adobe-id for å få opna boka. I tillegg gjekk det ikkje an å bruka Tolino på elevane sin tilgang til trådlaust Internett på skulane.

Brukarane fekk spørsmål om i kva form den neste boka dei kom til å lesa (fritidslesing) ville vera. 18 personar (58 %) ville velja ei papirbok, 3 personar ville lesa bok på lesebrett, 2 personar ville lesa bok på PC, 1 person ville lesa på nettbrett eller telefon. 8 personar (26 %)svarte at dei ikkje kjem til å lesa nokre fleire bøker. 7 av 31 svarte at dei alt har eit lesebrett eller kjem til å skaffa seg eit lesebrett.

 

Kva var bra med å lesa på lesebrett?

  • Lite og praktisk å ha med seg
  • Lett å lesa på
  • At det var lys på brettet, slik at ein kan lesa i mørkret
  • Kjekkare å lesa på lesebrett, enn i papirbøker
  • Det var enkelt å finna tilbake til sidene ein hadde lese og bokmerker ein la inn
  • Brettet var lett med god skjerm og hadde god batteritid
  • Behageleg leselys, ikkje mobillys
  • Fungerer i sollys
  • Mange bra bøker på elanhordaland.no
  • Enkelt å lasta ned bøker

Kva var dårleg med å lesa på lesebrettet

  • Vanskeleg å komma i gong første gongen
  • Lesebrettet var treigt
  • Lesebrettet gjekk tilbake til startsida utan at ein visste kvar ein var
  • For lett å komma borti knappar og funksjonar ein ikkje ville bruka
  • Dårleg skjerm, den blinka for mykje
  • Bytte for lett side/vanskeleg å bla
  • Vanskeleg å leggja inn bøker
  • For dårleg utval av bøker på elanhordaland.no
  • Vanskeleg å finna bok ein ville lesa
  • Dårleg nettlesar/dårleg operativsystem
  • Dårleg toutch
  • Treigt når ein skifta mellom sider og applikasjonar
  • For lite tekst på sida

Ut i får svara om kva som var vanskeleg med lesebrettet, så går nok noko av det på å gjera seg kjend med brettet. Ein må endra skriftstorleik etter kva som som passar ein. Blir storleiken for stor, må ein bla ofte. I tillegg tar det litt tid å venna seg til kvar på brettet ein skal ta for at dei ulike funksjonane skal fungera som ein skal. Drar ein ned midt på Tolino, skjer det noko anna enn om ein sveipar fingen bortover. Funksjonen som med at dersom ein tappar bakpå brettet, så blar ein kan òg vera lurt å slå av om ein lett blar når ein ikkje har tenkt det. Brett med ein knapp for å bla, kan vera enklare å bruka enn Tolino der ein anten må bla på skjermen eller dunka lett bakpå brettet.

Fleirtalet av dei som har svart på undersøkinga ønskjer helst å lesa papirbøker. Kanskje lesebrett vil bli eit meir naturleg supplement til papirboka etter kvart? Når ein til dømes skal ut og reisa eller drar på ein tung skulesekk, så er det praktisk å ta med eit lite, lett brett som inneheld mange bøker.

Framtida

Det blir spanande å følgja utviklinga av lesebrett og e-bokmarknaden. Universiteta melder om at dei kjøper inn fleire og fleire e-bøker, så for elevane våre som blir framtidige studentar er nok bøker i e-bokformat noko dei kjem til å nytta seg av i større grad enn no.

 

 

Publisert 12. februar, 2016 av lesebrett

Legg igjen en kommentar