Evaluering

Lesebrett utan nye e-bøker

Lesebrettprosjektet kan diverre ikkje vidareførast i den forma me hadde tenkt. Planen var at elevane skulle få tilgang til eit større utval av ny litteratur gjennom å låna bøker via elanhordaland.no. Hordaland fylkesbibliotek varsla at plattforma for e-bokutlån skulle ut på nytt anbod. Me blei veldig overraska då Fylkesbiblioteket gjekk for ei løysing som berre er tilgjengeleg for brukarar som har Android eller Apple nettbrett eller telefon. Lånarar som ønskjer å lesa e-bøkene på lesebrett, PC eller Windows-nettbrett eller telefon vil ikkje lenger få tilgang til e-bøkene. Det er veldig dumt at lesebretta som blei kjøpt inn til vårt prosjektet ikkje kan nyttast til å lesa bøker me låner lenger.

Utlån

I 2015 hadde skulane totalt 80 utlån av lesebrett og 175 utlån av e-bøker. Ein del av låna er dei tilsette på skulane si testing og bruk av lesebrett og e-boktenesta. Utlånet av e-bøker utgjer 6,3 % av det totale utlånet frå skulebiblioteka (utanom lærebøker). E-bokutlånet har med andre ord ikkje teke av.

Utlån av lesebrett med e-bok

Lesebretta som ikkje var utlånt til elevar i klassane er blitt lånt ut til andre elevar og tilsette. I dei fleste tilfella har bibliotekaren lånt e-boka og lagt boka inn på lesebrettet og så er lesebrettet lånt ut til lånaren. Dette har stort sett fungert fint. Ulempa er at lånetida for e-bøker berre var 21 dagar, så om boka ikkje var utlest til då, måtte lånaren innom bibliotekaren for å få lånt ut boka på nytt.

Informasjon om lesebretta til elevar og tilsette i prosjektgruppa

Alle elevar og tilsette som var med i prosjektet blei lagt til på eit fag på itslearning som heitte lesebrett. Her blei det lagt ut informasjon om instruksjonarar om e-bøker og lesebrett. Litt under halvparten av dei som vart lagt til, har besøkt faget i prosjektperioden.

Opplæring i bruk av lesebrett og lån av e-bøker

Bibliotekaren fekk komma i klassane og informera om tenestene og ha opplæring i bruk av lesebretta.

I første klassen viste bibliotekaren ein PowerPoint-presentasjon med framgangsmåte trinn for trinn. Dette fungerte ikkje så godt. Elevane brukte ulik lang tid på å gjera kvart trinn og fekk ikkje med seg neste trinn om dei ikkje var ferdig med det dei dreiv på med. Heldigvis hjelpte lærar og dei elevane som sjølve først fekk lånt seg bok,  resten av elevane med å komma vidare.

I den andre prosjektklassen var gruppa mindre. I tillegg til lærar, var ein IT-medarbeidar med og hjelpte til med opplæringa. Lærar ønska fokus på formidling av bøker, så første del av timen blei brukt til bokprat der bibliotekaren prata om bøker, viste lenkar til e-bøker og viste nokre bok-trailerar som ligg på YouTube. Elevane fekk utdelt presentasjonen med framgangsmåte for å låna e-bøker på papir, så gjekk lærar, bibliotekar og IKT-medarbeidar rundt og viste kvar einskild elev. Det var òg god hjelp i superbrukar, ein elev i klassen som har fått ekstra opplæring i bruk av dataverktøy for å kunne vera ein ressurs for medelevane sine. Superbrukar er vant med å driva opplæring.

Den siste opplæringsøkta fungerte mykje betre enn den første. Det var lettare med kvar sine trinn for trinn-instruksjonar og individuell hjelp. Det er greitt å ikkje ha for store grupper når ein skal ta i bruk nye dingsar.

Bruka av lesebrett

Det krev litt tilvenning å bruka lesebretta. Du bør i tillegg endra innstillingane til slik det passar deg. Dei ulike bretta har forskjellige løysingar for korleis det er lettast å overføra e-pub-filene til bretta og til dømes korleis ein blar i bøkene. Tolino vision som blei kjøpt inn til prosjektet har to innstillingar som det kan vera greitt å endra på.

  1. Om du tappar med fingrane på baksida av brettet, så blar du. Denne funksjonen er mogeleg å skru av dersom du blar meir enn du hadde tenkt…
  2. Lys: Lyset står på som standardinnstilling. Dette er praktisk om du les i mørke rom, men du brukar mykje batteri om lyset står på. Det er derfor lurt å slå av lyset om du ikkje nyttar det.

Vidare bruk av lesebretta:

Me vil sjå an situasjonen litt, men har nokre alternativ. Me må sta stilling til om me skal prøva å selja lesebretta og kjøpa små nettbrett i staden for eller om det finst annan fornuftig bruk av lesebretta:

  • Nye klassesett på norsk og engelsk blir kjøpt inn i epub-format og lånt ut på lesebrett.
  • Nytta lesebretta når elevar og tilsette skal lesa klassikarar som er fritt tilgjengeleg i epub-format.

Lesebrett og lærebøker

I prosjektskissa hadde me òg tenkt å testa ut det å ha lærebøkene på lesebrett. Dette hadde me tenkt å sjå meir på i høve til den andre klassen som skulle lesa på lesebrett. Sidan desse klassane ikkje er komne i gong, så vil me venta litt med denne delen av prosjektet. Dei brettbøkene me har hatt tilgang til å testa frå forlaga, har ikkje vore råd å overføra til lesebrett. Her må me undersøkja meir kva som er tilgjengeleg. Tekstboka i norsk vil til dømes vera ei bok som burde egna seg til utlån på lesebrett.

 

 

Prosjektleiar i permisjon

Astrid Holmefjord som er prosjektleiar for Lesebrettprosjektet går ut i permisjon 11. februar 2015. Me tar difor ein pause i lesebrettprosjektet til Holmefjord er tilbake i stillinga si som bibliotekar januar 2017.

Publisert 9. februar, 2016 av lesebrett

Legg igjen en kommentar