Bakgrunn:
Sykehusskolen har lenge hatt eit sterkt fokus på det skapande mennesket og meistring ved å satse på dei praktiske og estetiske faga, som kunst og handverk og musikk. Vi har kompetanse innanfor både sløyd, keramikk, tekstilforming, teikning og musikk. Skulen ser ein stor verdi i denne kompetansen og ønsker å bygge vidare på han når vi i løpet av neste år skal inn i det nye barne- og ungdomssenteret ved Haukeland universitetssjukehus. Meistring er mest konkret når ein har eit elevprodukt i handa, og vi opplev at elevane veks på å lage eigne gjenstandar. Difor vil vi vidareutvikle desse elevprodukta inn i framtida ved å sette fokus på entreprenørskap og skaparglede. I den samanhengen har vi planlagt å etablere eit makerspace, eller ”skaparrom”, som kjem til å kombinere handverkstradisjonar med moderne teknologi.
Mål:
Målet er å kunne gi eit framtidsretta undervisningstilbod der koding og skaping står sentralt, ved å etablere eit ”skaparrom”, eller makerspace. Det vil vi gjere ved å utvikle eksisterande kompetanse, kultur og praksis. Målet til skulen er at skaping ikkje berre skal foregå i dei praktiske og estetiske faga, men inngå som ein naturleg del av skulekvardagen i alle fag. Elevane vil få moglegheit til å styrke kreativitet, samarbeid og sjølvkjensle gjennom å utvikle sine eigne produkt. ”Skaparrommet” kjem til å vere eit samarbeidsprosjekt på tvers av alle undervisningsfaga. For at eit slikt samarbeidsprosjekt skal lykkast må lærarane tileigne seg ny kompetanse og tenkesett. Slik vert dette eit skuleutviklingsprosjekt.