Mange skular, spesielt i USA og våre naboland, brukar nettbrett (I-pad) i undervisninga med positive omtalar og resultat så langt. Bruk av nettbrett er på full fart inn i grunnskulen og vidaregåande skule også i Noreg. Det er stort behov for pedagogisk utprøving med nettbrett og å dela erfaringane med andre.
Nytt ope trådlaust nettverk i HFK opnar mogelegheiten for bruk av nettbrett i undervisninga. Har slete periodevis med tilkopling nettverket \\\\\\\»HFK-Skole\\\\\\\». For tilsette er det betydeleg betre med oppkopling mot \\\\\\\»Ansatt-nett\\\\\\\». Å kunne speile igjennom nettverket med t.d. AppleTv er vanskeleg. Dette vart løyst med anskaffing av ICE nettverk. Dette nyttast og ved tilkoplingsvanskar \\\\\\\»HFK-skole\\\\\\\».
Ein vel I-pad fordi det er mest applikasjonar (miniprogramvarer) som eignar seg til undervisning i forhold til t.d. Android applikasjonar. I tillegg kan audio og video bli trådlaust overført til projektor frå I-PAD/MAC, Apple TV. Det er kjekt som lærar å kunna vera tråløs ute i rommet med å kunna bevega seg fritt. Ved godt nettverk er AppleTV eit godt eigna produkt til formidling trådløst via projektor.
Kvar enkelt lærar har utlevert Ipad med applikasjonar innafor sitt programfagområde. Dette for på eiga hand å kunne forska på moglegheiter Appar gjer innafor sitt fagområde. Det er dei mest energiske digitalt kompetente lærarane som finn noko bra på eiga hand. Andre lærar treng meir tid til oppfylling for å ta steget med å undervisa med Ipad som læringsverktøy. Ein del av lærarane har nytta ipad i eige klasserom via adapter til prosjektor. Ved demo av applikasjonar eller presentasjon PP eller Prezi er Ipad minst like brukarvenleg som PC. Sjå sluttevaluering.
Eit klasserom som er eigna til undervisning med IKT vert innreidd med møblar og stolar for formålet, samt høg lærarpult med hjul. Dette for å kunna vera overalt i rommet som lærar, som ein vil anbefala ved høg bruk av digitale verktøy. At ein kan velje med å stå bak og sjå elevane sine skjermar har vore svært positivt sidan rommet er teknologitett.
Klassesett med 15 stk I-PAD i låsbart skap for oppbevaring og lading. Klassesettet har eigen AppleID som prosjektleiar og IKT-konsulenten har passordet til. Desse installerer applikasjonar som brukarar av rommet ynskjer.
Nokre klassar har nytta rommet og Ipad innafor TIP, Elektro, TIP, Dokumentasjon, Norsk, PFO og Matematikk. Rundt 6 klassar/grupper har brukt rommet fast eller på bestilling via web Untis.
TIP og elektro Vg1 har nytta Circuit Builder innafor grunnleggande elektro, du kan lese meir om den her.
Innafor: Programfag Helse og Oppvekst, Norsk og PFO- Prosjekt til fordjuping har nokre grupper laga rapporten etter utplassering i bedrift som E-bok. Elevane viste meir engasjement og kreativitet ved skrivepresentasjon via applikasjonen Booc Creator. Ved fleire høve ynskte elevar å bruka BookCreator framfor tradisjonell Word eller PP-presentasjon. Meir om Book Creator finn du her.