Læring gjennom ITSL

Bakgrunn og mål

Me valde å avgrense prosjektet til ein klasse i Helse og oppvekstfag vg1 i oppstart. Frå neste skuleår innlemma fleire klassar. Dette vart automatisk synergieffekt sidan me underviser  i fleire klassar.

It’slearning inneheld mange pedagogiske muligheiter som me yngste å læra meir om. Me som lærarar ville vekk frå at ITSL mest vart brukt som ein informasjon og administrasjonskanal frå lærar til elev. Me vil at elevane skal oppleve ITSL som eit verktøy for læring. Me ynskjer at lærarane endrar bruken av ITSL frå info/adm til vurdering for læring. Som guide i dette prosjektet vil me bruke kompendiet: Å lykkes med vurdering for læring. It’slearning 2012.

Pedagogiske mål. Me ynskjer å få erfaring/svar på med korleis ITSL kan bidra til vurdering for læring.

Å kjenna meistring, byggje på eksisterande kompetanse og få høvelege utfordringar er grunnsteinar i god læring og utvikling. Me vil bli flinkare til å nytta verktøya i ITSL til å skaffe oss god og rask informasjon om elevane si læring for å gje god tilpassing og betre læring og jobba meir effektiv for å frigjera tid til slik tilpassing. Thomas Nordahl utrykker at elevens sjølvinnsikt og evne til å bedømme eigne prestasjonar står øvst på lista over kva som fører til læring. Ulike verktøy i ITSL kan nyttast i eleven si eigenvurdering og bidra til medvitsgjering av læring.

Aktiviteter i prosjektet

AktivitetErfaringerFra mnd.Til mnd.
Bruk av skjermvideo i vurdering av innleverte tekstar i ITSL 01.02.2013 20.06.2014
Kommentarfiler i vurderningsbiletet i ITSL 23.08.2013 20.06.2014
Kurs \"vurdering for læring i ITSL\" 22.01.2013 22.01.2013
Eigenvurdering 01.03.2013 20.06.2014
Digitale testar i ITSL 01.04.2013 20.06.2014

Erfaringer underveis

Me har fått prøvd mange ulike små og større aktivitetar. Dei aktivitetane me har prøvd breitt og vore nøgde med, er lagt som aktivitetar i prosjektet andre som me har gått vekk frå (av ulike grunnar) vert nemnde her under erfaringar. Nokre mogleikar i ITSL ser dei ulike faga for seg at vil vera nyttige, og vil prøvast vidare. Eit døme er logg-funksjonen i ITSL og prosessorienterte dokument.

Undersøkingar: svært nyttig for kjappe kartleggingar. Blir brukt, men ikkje ført inn som eigen aktivitet. Brukt til ulike formål, td eigenvurdering.

Registreringar: fint for kjappe påmeldingar, rask oversikt på små og konkrete ja/nei, for/imot.

Diskusjon: lite brukt. Fann her og snevre bruksområde med god nytte. Td for å øva elevane i drøfting. Opplevd som lite effektivt.

Lydfiler, både som lærarstyrte oppgåver og som svar frå elevar. Lite testa ut, men på planen å jobba meir med.

Digitale testar: mål å få dei så gode at dei får kartlagt kvalitet på kompetanse, samstundes som dei er effektive nok å laga at blir opplevd som nyttig nok og at elevane opplever at dei får vist kva dei kan. Der har me jobba mykje og testa ulike funksjonar. Øving gjer meister, så kvaliteten på testane har gått opp.

Redigering av vurderingsinnstillingar: nytta med hell i enkelte oppgåver eller tema. Stort sett slik av viss du definerer eigne vurderingar og kriterium, så brukar ein desse vidare. Fleire elevgrupper og lærarar føretrekte å leggja vurderingskriterium i sjølve oppgåveteksten.

Skjermvideo: elevane opplever at svært nyttig med munnlege tilbakemeldingar saman med musepeik i teksten. For tekstar over 1/2 side er det nyttig nok til at verdt tidsbruken. Me nytta screen-cast-omatic, lett å bruka og lav brukarterskel. Me lasta opp videofila som kommentarfil i ITSL. Me såg på camptasia, men likte screen-cast-omatic betre.

http://lektorlaastad.blogspot.no/2013/03/vurdering-med-skjermvideo.html

http://youtu.be/UyezBaykQKs

Kommentarfiler i vurderingsfeltet i ITSL. Me prøvde ulike måtar å få gitt elevane gode skriftlege tilbakemeldingar på tekstar og dokument leverte inn på ITSL. Det som me fann mest effektivt med tanke på vår tidsbuk og nytteverdi for eleven var å bruka \\\\\\\»merknadsfunksjonen\\\\\\\» i Word, lagre dette dokumentet ved å laste opp som kommentarfil (lag kommentar i ITSL). Veksla mellom skriftlege kommentarar som dette og skjermvideo.

Eigenvurdering kan gjerast på mange måtar i ITSL. Eigenvurdering i seg sjølv er vanskeleg, difor er erfaringen at jo meir konkret ein klarar å vera i det ein etterspør jo betre klarer dei fleste elevar å vurdera seg sjølv. og jo betre er me inne på målet for prosjektet. Både undersøking og test-verktøy har vore nytta med gode tilbakemeldingar.

Konsekvente med å leggja alt (det meste) inn på ITSL, både det ein vel å leggje til i vurderingsoversikt og andre aktivtetar. Lettare for elevar å halde seg orienterte i kvardagen, samstundes lettare for dei å halde seg ajour ved fråvær. Lettare for oss som lærarar å halde oversikt i alt læringsarbeidet.

Bruk av OneNote og evernote. Me har sett på dette. Nokre har deltatt på webseminar. Ser nyttig ut å kombinera med ITSL. Men ingen har kome skikkeleg i gang med aktiv bruk saman med elevar.

Oppsummering og veien vidare

Systematisk utprøving i fellesskap og vidare bruk av funksjonar i ITSL og andre hjelpemiddel har ført til ei betre opplæring. Lærarane har fått ei endring i meir elevretta/ tovegsbruk av ITSL, men her vil me halda fram å bruka meir tid for å finna gode læysingar. Største nytteverdien er i meir tidseffektiv bruk, frigjere tid til betre tilpassing, meir presis tilpassing og betre undervegsvurdering – dette trur me fører til betre læring for elevane.