Aktive elevar i matematikk

Bakgrunn og mål

Målsetjinga er at alle elevar skal utnytta potensialet sitt innan matematikk-faget. Skulen ynskjer at alle elevar ved skulen skal nå lengre enn dei ville gjort med tradisjonell undervising og med heimeoppgåver dei ikkje får til. Det er viktig både for sjølvkjensla deira, og for at dei skal læra mest mogeleg i faget, både på skulen og i eit langsiktig perspektiv.

 

Me trur at eit variert undervisingsopplegg vil gje betre tilpassa opplæring, og at IKT kan vera eit hjelpemiddel i å oppnå variasjonen. Me trur også at prinsippa bak «Vurdering for læring» vil gje auka læringsutbytte. Forsking viser at dersom elevane får god kjennskap til kva som er forventa at dei skal læra, tilbakemeldingar om kva dei bør gjera for å oppnå måla og sjølve er med på å vurdera om dei er på veg mot læringsmåla gjev god læring.

 

Heimearbeid er viktig som ein av arbeidsmetodane i kunnskapstileigninga, men den må vera forståeleg for elevane, og fylgjast opp av lærar for å gje effektiv læring. Me vil i dette prosjektet satsa på at leksene i matematikk-faget utelukkande skal føregå ved hjelp av PC. Bruk av undervisingsvideoar, innspeling av lærar sin dataskjerm og stemme, kombinert med å svara på enkle spørsmål, undersøkingar og loggføring på It’s learning vil verta heimearbeidet.

Aktiviteter i prosjektet

AktivitetErfaringerFra mnd.Til mnd.
Læra videobruk 01.11.2012 31.12.2013
Ta i bruk logg i it’s learning 01.01.2013 28.02.2013
Læra skjerminnspeling 01.03.2013 30.04.2013
Ta i bruk video og skjerminnspeling 01.05.2013 31.12.2013
Leggja under-visingsvideo ut på nettet 01.01.2014 31.05.2014
Evaluering/rapport 31.05.2014 15.06.2014

Erfaringer underveis

Til innspeling og redigering av skjermvideoar har me nytta programmet gratisversjonen av Screencast – o -matic og Camtasia Studio. Det er Camtaisa Studio som har vorte mest nytta. Læraren som i størst grad har nytta dette verktøyet, var ikkje kjend med dette eller liknande program tidlegare. Det tok difor meir tid å verta kjend med verktøyet enn me hadde rekna med. Programmet har mange funksjonar og mogelegheiter, men er noko krevjande å læra seg å bruka.

Til saman har det vorte publisert 21 undervisingsvideoar i laupet av prosjektperioden. Desse har vorte lagt ut på Youtube, og har vorte linka til testar i It\’s learning. Desse testane har elevane hatt som heime-oppgåve å sjå på, og å svara på 6-12 spørsmål knytt til innhaldet i videoane.

Elevane gjev (etter kvart) gode tilbakemeldingar på undervisingsopplegget. Elevar som elles gjerne ikkje ville gjort heimearbeid seier at dette var lett å gjennomføra. Ikkje alle får alltid rett på alle spørsmåla, men dei har likevel fått kjennskap til kva som skal vera tema i komande undervisingstime i faget på skulen.

– Meiner me at heimearbeidet gjev betre læringsresultat?

Oppsummering og veien vidare

Det er vanskeleg å måla resultat i form av oppnådd betre karakter i faget. Måloppnåing i form av auka aktivitet, og tilbakemelding på spørsmål i testane er likevel målbar. I starten var det berre nokre av elevane som gjorde heime-arbeidet. Etter fleire og tydelege påminningar, har dette endra seg. I slutten av prosjektperioden gjorde nesten alle det dei skulle heime. Nokre elevar seier at dei har hatt nytte av å sjå videoane fleire gonger, også i samband med repetisjon og oppgåveløysing. Spesielt har nokre fagleg svake, men arbeidssomme, elevar gjeve slike tilbakemeldingar. Det at dei kan arbeida med faget i sitt eige tempo har vore nyttig for desse.

Læraren som i størst grad har nytta undervisingsvideoar som verktøy, vil halda fram med å laga nye og bruka dei videoane som er laga. Han ser at det er framleis mange fleire tekniske mogelegeheiter i programmet som kan utnyttast til å gjera videoane endå betre.

Samla sett har prosjektet tilført skulen auka digital kompetanse, og har også medført meir aktive elevar i matematikk-faget.