Programmerbar logisk styring (PLS)

Bakgrunn og mål

Elevane i Vg2 industriteknologi og Vg2 elenergi skal gjennom utvida arbeid med hydrauliske, pneumatiske og elektriske system med tilhøyrande styringar, få betre kjennskap til automatisering og programmering av PLS. Ved å nytta Fluid Sim sine program for teikning og simulering vil me få eit sams system på begge klassane for teikning av grunnleggjande kretsar. Dette vil gjera at lærarane på Tip og elektro kan heva eigen kunnskap i grenselandet mellom dei to faga. Det vil og gjera det lettare med felles prosjekt og samarbeid mellom klassane.

 

Moderne KNX-styringssystem for industri og einebustad er eit standardsystem (KNX). Programering kan gjerast frå PC eller smarttelefon. Vil bli brukt til styring av alle smartløysingar i ein ombygd verkstad på skulen.

 

Lærarane skal gjennom kursing og opplæring få auka kompetanse og dugleik innanfor arbeid med PLS/KNX og vidareføring av dette i høve til framtidig undervisning av elevar.

Aktiviteter i prosjektet

AktivitetErfaringerFra mnd.Til mnd.
Opplæring av lærarar 03.10.2013 10.04.2014
Fellesprosjekt elevar 02.12.2013 11.12.2013

Erfaringer underveis

Stadige forseinkingar i levering av programvara Fluid Sim elektro Førde til ein treg start for oss. Fekk ikkje levert dette før i april.

Det har synt seg vanskeleg å få frigjort felles tid til intern opplæring av lærarar.

Hadde eit felles prosjekt der elevane laga ein PLS styrt pølsegrill. Denne vart nytta på open dag for ungdomsskulane i desember. Her vart pølser grilla ved at ein pneumatisk sylinder skauv dei inn mellom to elektrodar. Det vart så køyrd 220v gjennom pølsa i 14 sek før ein ny sylinder leverte fram eit pølsebrød. Elevar frå elenergi og industriteknologi bygde dette i felleskap.

 

Oppsummering og veien vidare

Grunna sein levering av nødvendig utstyr, er me ikkje komen så langt som me ynskjer. Meir info kjem her seinare.