Odda vidaregåande skule - læringsprosjekt

Bakgrunn og mål

Utvikla språkkompetansen i språka tysk og spansk gjennom internasjonalt samarbeid mellom elevar i ein klasse i Slovenia i høve til tysk og ein klasse i Spania i høve til spansk. Målsetjinga er at dette skal bli faste samarbeid mellom desse skulane der klassane føljer kvarandre i 2-3 år. Ein vil denne våren freista å få kontaktane på plass i høve til samarbeidet mellom skulane. Vi hadde ei lukka facebook- gruppe med elevar og lærarar som vi av ulike grunnar har avvikla etter ynskje frå vår lærar. Vi har difor fått nyttig erfaring å ta med vidare og retter i fyrste omgang fokus mot munnleg kommunikasjon. Vi har og erfart at det er viktig å få til eit møte med dei aktuelle samarbeidspartane. Det vil difor vera naudsynt at prosjektgruppa frå Odda reiser for å møta samarbeidsgruppene ved dei andre skulane. Der vil ein betre enn til no kunna drøfta/diskutera samarbeidet og samarbeidsforma frametter. Denne reisa vil vi gjennomføra hausten 2013 og vi vil då besøka begge skulane i løpet av denne veka om dette er den billegaste løysinga,- om ikkje deler vi opp reisene i to omgangar. Tidspunkt for reisa/ene vil bli formidla til IKT/HFK for eventuelt deltaking frå dei. I vår vil begge lærarane prøva å få gjennomføra videosamtalar på SKYPE med representantar ved samarbeidsskulane for å knyte kontakt og sjå korleis det tekniske fungerer. Vi vil setja av ein dag før skuleslutt våren 2013 til å arbeide med prosjektet. Til hausten vil ein så knyta kontakt mellom elevgruppene og faglærarane vil då i fyrste omgang nytta læreplanmåla som har fokus på munnleg kommunikasjon. Ved oppstart hausten 2013 vil prosjektgruppa setja av tid til opplæring i andre tilbod innan videokommunikasjon og kopla dei inn i samarbeidet med skulane etter kvart som ein ser at dette er nyttige verktøy eller ikkje. Dette kan vera t.d. Video Chat – alternativ til Skype, Tinychat, god til gruppesamtaler, Mumble med sers høg kvalitet, ooVoo som inntil 6 brukar kan nytta samstundesn og er for alle plattformar. FaceTime, spesielt utforma for Iphone, men kan og nyttast av andre plattformer, Vsee som er god for gruppesamtaler – nettbasert, Jitsi med god kvalitet på audio og video og der det er mogeleg å streeme skrivebordet, VoxOx, for video og audio- samtaler, Ekiga som har audio og videosamtaler samt meldingar, BigBluebutton med mange mogelegheiter, som dele skrivebord, WEB kamera, presentasjon, Whiteboard mm. og eventuelt andre som kjem fram undervegs.
Parallelt med dette vil det vera aktuelt å freista å utvikla pedagogiske verkty som resultat av samarbeidet. Eit hovudfokus kan i denne samanhengen vera til «omvendt undervisning». Dette temaet vil ein freista å få presentert av representantar frå HFK IKT avdelinga. Vi vil seinare og sjå på om det kan vera aktuelt å utvida samarbeidet til meir enn munnleg kommunikasjon. Vi håpar at samarbeidet vil auke motivasjonen og gje auka læringsutbytte i faga tysk og spansk. Ei viktig målsetjing med prosjektet er at desse elevane etter gjennomført tysk2/spansk2 skal velja å gå vidare til tysk3/spansk3. Vi vil difor freista å få gjennomført ei studiereise for vg2 klassane i løpet av vinteren 2014/15. For dei elevane som etter dette vel TyskIII/SpanskIII, vil det vera ei målsetjing at dei norske elevane får eit utvekslingsopphald ved dei aktuelle skulane i løpet av vg3. Om det vert få søkjarar til TyskIII/SpanskIII vil ein drøfta om det er aktuelt å samarbeida digitalt med andre skular i Hordaland for å få til ei god språkopplæring.

Aktiviteter i prosjektet

AktivitetErfaringerFra mnd.Til mnd.
Testa ut ulike programvarer 01.08.2013 30.09.2013
Vitja skule i Madrid 21.10.2013 25.10.2013
Vitja skule i Kranj 18.11.2013 22.11.2013
Utprøveng av kommunikasjon ved bruk av Skype 01.01.2014 31.03.2014
Kommunikasjon ved bruk av Adobe Connect 01.02.2014 01.05.2014

Erfaringer underveis

Oppsummering og veien vidare

Under ligg eit notat frå samarbeidet med dei aktuelle skulane,- for å gje eit lite innblikk i erfaringane som er gjort til no i høve til den konkrete gjennomføringa av prosjektet. Vi er midt inne i prosjektperioden og målet for neste skuleår er å fortsetje og utvikla samarbeidet og arbeidet som er komen i gang og vi håpar at dette kan motivera elevane til å velja spansk III og tysk III på vg3.

Logg frå Skype- samtalane  med Madrid: 4.- 11.- og 18. desember  

4. DESEMBER 

I dag så prøvdei vi for første gong å snakka på Skype med dei spanske elevane, og det gjekk jo ikkje helt som planlagt! Hovudproblemet var at elevane ikkje kunne høyre kvarandre. Nokre av dei fekk snakka til slutt, men berre nokre få minutt, så dei fleste kommuniserte med kvarandre på chat (Skype eller Facebook) i staden. Vi fekk hjelp av IKT og fekk bra nett-tilkopling. Javier i Madrid sa at dei var for mange pc-ar kopla opp samtidig og at nettet var for dårleg. Han foreslo at neste gong så kunne dei prøve igjen med berre nokre få pc-er (kanskje 5-7). Det er litt viktig at dei får prøvd det ut før vi avtalar eit nytt tidspunkt der elevane skal snakka. Ein annen moglegheit som eg ser for meg, om det ikkje skulle vera bra nok, er at vi rett og slett bruker ein pc og ein projektor og at elevane snakkar i grupper foran kamera. Eg har avtalt med han å diskutere på Skype korleis vi kan få alt til å fungere, så dei er velkommen med andre innspel. Ein annen ting som vi har lært oss i dag er at det hjelper ikkje berre å sende Skype brukarnamn med at ein sikrar seg at alle elevane har akseptert kvarandre før dei kobler seg til. (alle våre elevar hadde nemleg sendt brukarnamnet på førehand)

11. DESEMBER 

Elevane er oppdelt i 7 grupper. 6 av dei får kontakt med dei spanske elevane: 2 grupper snakkar med kvarandre begge veier og dei er veldig fornøgde på slutten av timen. 3 grupper snakkar til spanjolane mens dei i Madrid svarer ved å skrive 1 gruppe har problem med lyden og chattar i staden.

18. DESEMBER 

Etter å ha avtalt med Javier at IKT ansvarlige skal sjekke lyd/mikrofonar osb. før vi prøver igjen, så viser det seg at vi er i samme situasjon som sist: dei fleste klarer ikkje å høyre dei spanske elevane og chatter isteden.  Etter desse forsøka satsar vi på å starta med Adobe Connect neste gong vi tek kontakt med den spanske klassen og etter at vi først har prøvd det ut med våre elevar. Eg reknar med at det er lurt å prøva det ut med Javier, engelsklærar, etter at vi har hatt kurs med Geir. (E-koordinator ODV)

Adobe Connect  5. mars 

No har vi prøvd ut Adobe Connect med alle elevane i klassen og det har gått greitt. Vi har 4 grupper med 4 elevar i kvar gruppe som har laga eit power point dokument om 1) Noreg 2) Skulen min 3) Odda (Hardanger) 4) Stereotypiar To grupper skal framføre 19. mars. Det går ok med den første, men nokre elevar i Madrid kan ikkje høyre dei. Dei stiller nokre spørsmål via «chat room» og elevane våre svarar dei. Så startar vi med den andre gruppa, men det tar litt tid før dei klarer å sjå power point dokumentet i Madrid. Og så har tida gått frå oss. Vi blir enige om at dei spanske elevane skal framføra neste gong og vi skal stilla spørsmåla (no er det 4. juni og det er vanskeleg å finna eit felles tidspunkt der begge klassane kan møtast, så skal dei spanske elevane sende oss ein video og ein power point med presentasjonane deira)

KOMMUNIKASJONEN MELLOM TYSKKLASSEN OG TYSKELEVANE I KRANJ SLOVENIA 

Tilpassing av felles tidspunkt for kommunikasjonen: Slovenia har tilpassa seg vår timeplan. Vi blei samde om å kommunisere på desse datoane: 13.01.14, 17.02.14, 17.03.14, 07.04.14.

Dei to første møta, 13.01 og 17.02:
Kommunikasjonsplattform: Skype. Tema 13.01: Elevane presenterte seg for kvarandre, fortaldei på tysk om seg sjøl, interesser og fritidsaktivitetar etc. Tema 17.02: Forts. med det same som forrige gong for so å gå over på OL som var eit aktuelt tema i begge landa. Kobling av elevar/teknisk: Det gjekk stort sett greitt for elevane å koble seg opp mot kvarandre via epostadresser/Skypenamn. Dei fleste foretrakk å vere to eller fleire som kommuniserte i grupper med Slovenia. Det var begge gongane ein eller to elevar som måtte ha hjelp til å finne ein samtalepartnar i det andre landet. Dette blei ein liten utfordring for læraren. Internettsambandet fungerte svært bra. Med unntak av ein som hadde problem med datamaskina var det so godt som ingen problem med lyd og video via Skype. Elevane brukte stort sett eigne øyreproppar. Det var synd at «headsetta» som prosjektet hadde kjøpt inn var kompliserte å bruke. Motivasjon/språkleg utbytte: Det var interessant og oppløftande å oppdage den sterke sosiale motivasjonen mange haddi for å bli kjent med slovenarane. Nokre fortsette å kommunisere på Facebook etter timen var over. Etter at eit halvt år er gått kan det nok sjå ut som det var mykje «nyhetens interesse» og at kommunikasjonsfrekvensen har dabba kraftig av. Motivasjonen for å kommunisere var positivt for det språklege utbytte, men det blei ein utfordring at dei gjekk over til engelsk  når det blei for vanskeleg.

Dei to siste møta 17.03 og 07.04:
Kommunikasjonsplattform: Adobe Connect. Tema: Elevane jobba i grupper og laga PowerPoint-presentasjonar av heimstaden, Fjordnorge, landet etc. Gjennomføring: Eg hadde hjelp av superbrukar IKT for å sikre ei skikkeleg gjennomføring av presentasjonane. Det gjekk ganske greitt med desse, men Slovenia klaga over dårleg lyd i byrjinga. Slovenia fekk diverre problem med si overføring. Det kom berre ein presentasjon og den var utan lyd. Eg har foreslått for Tatjana, tysklæraren i Slovenia, at dei kan sendei presentasjonane til oss i ettertid.

Litt om programvarene som har vore nytta.

Adobe Connect:

Adobe Connect er ein programvare som blir brukt til å lage informasjon og generelle presentasjoner, online læringsmateriale, webkonferanser, læringsmodular, og til deling av brukar sitt skrivebord. Produktet er Adobe Flash-basert. Alle møteromma er organisert i \\\»pods\\\»; (dvs. chat, whiteboard, notat, etc.). Ein må ha lisens for å kunne bruke dei viktige funksjonane. Fungerer på alle operativsystem.

Funksjonar:
• Uavgrensa tal og tilpassa møterom
• Fleire møterom per brukar
• «Breakout» økter innanfor eit møte
• VoIP
• Audiointegrering
• Videokonferansar
• Opptak møte
• Skjermdeling
• Notat, chat og whiteboarding
• Brukaradministrasjon, administrasjon og rapportering
• Polling
• Sentrale innhaldsbibliotek
• Samarbeid

BigBlueButton

er åpen kildekode (Ubuntu – Linux) og webkonferansesystem utvikla primært for fjernundervisning. Vi har ikkje fått testa dette ut då operativsystemet ikkje passa.

Ekiga 
(tidligere kalt Gnomemeeting)  er et VoIP og videiokonferanseprogram for GNOME og WindowsDet er distribuert som fri programvare under namnet GNU (General Public License). Det kan nyttast saman med kva som helst anna SIP-kompatibelt program, og med Microsoft NetMeeting. Støtter høgkvalitetsaudio og video kodeker.  Programmet verkar lovande men er ikkje blitt testa ut i prosjektperioden då denne fungerer likt som Skype

Brukargrensesnitt:
• Kontaktlistebasert grensesnitt
• Overvaking av kontaktar (i samtale, online, offline, …)
• Samtalelogg
• Talltastatur
• Adressebok
• Chat-vindauget
• Full-skjerm videokonferanse

Skype

Funksjonar
• Samtalar mellom Skype og tradisjonelle telefonnumre
• Utgåande samtalar
• Caller ID for utgåande samtalar
• Videosamtalar og skjermdeling
• SMS tekstmeldingar
• Internettnumre
• mobilsvar
+ mykje meir

Skype er mykje brukt og godt kjent av dei fleste av elevane, og har difor vorte ein

føretrekt applikasjon.