Omvendt undervisning ved Odda vidaregåande skule

Bakgrunn og mål

Den pedagogiske tanken bak omvendt undervisning er å flytte teoriundervisning heim, slik at tida på skulen blir frigjort til undervisningsformer der elevane er meir delaktige. Ved hjelp av video kan ein tilpasse undervisninga i og utanfor klasserommet, slik at elevar kan få tilrettelegging på ulikt nivå, i det tempoet dei treng. Nokre elevar har hurtig progresjon, medan andre har behov for å “setje læraren på pause”. Omvendt undervisning utvidar den proksimale utviklingssona, fordi eleven blir i stand til å greie meir på eiga hand ved hjelp av video.

Behovet for tilpassa opplæring og ynskjet om å effektivisere teoriundervisninga for å få meir elevsentrert tid i klasserommet, er bakgrunnen for at vi søker om støtte til læringsprosjektet Omvendt undervisning på Odda vgs. Ved å bruke video vil vi forsøke å tilpasse teoriinnlæring i tempo og nivå, og tilrettelegge for at elevane kan repetere innlæringa i sitt eige  tempo. Vi ynskjer også å frigjere tid i klasserommet til meir samtale, samarbeid, skriving og oppgåveløysing, ved at noko av teorigjennomgangen foregår ved hjelp av video.

Omvendt undervisning  kan også fungere som ei tilrettelegging av undervisning ved ulike typar fråvær. Sjølv kort fråvær kan gi store konsekvensar for enkelte elevar, og kan vere medverkande til at dei blir hengande etter i faga. Tapt undervisning ved sjukdom kan lettare bli tatt igjen når  teorigjennomgang finnest på video. Ved planlagt fråvær kan elevane arbeide seg gjennom lærestoffet på førehand.

Fleire lærarar ved skulen har ynskje om å ta i bruk omvendt undervisning etter kurs i temaet på Odda vgs. i november 2015. Kurshaldarar var ePedagogane Geir Sigurd Handegård og Ingebjørg E. Nondal. I. Nondal deltar i prosjektet som lærar, og kjem til å følgje opp prosjektet som ePedagog i HFK (og superbrukar ved Odda vgs). Nokre av lærarane ved skulen har allereie starta med omvendt undervisning, og kan vere ressursar for dei andre lærarane som skal i gang med prosjektet.

«I det omvendte klasserommet serveres elevene basiskunnskapen via videoer hjemme – på et lavere kognitivt nivå, mens de er på skolen når de jobber på et høyere kognitivt nivå, og læreren kan veilede hver enkelt elev der de er. Noen vil gjerne spørre: «Hva med de elevene som aldri når et høyt kognitivt nivå innen- for faget/temaet?» Svaret er enkelt – alle elever får veiledning av læreren sin på sitt nivå.»    

Elisabeth Engum, Bedre Skole nr. 2 ■ 2012, s. 10-15

  1. Mål

Vi ynskjer å prøve ut omvendt undervisning ved både å ta i bruk eksisterande ressursar og lage eigne undervisningsvideoar. Vi vil bruke ferdige ressursar frå Campus Inkrement og it`s Learning (naturfag) og lage eigne ressursar av videoar frå NDLA og YouTube. Vi vil også lage eigne undervisningsvideoar og koble saman med eigenvurdering og klasseromsundervisning. Videoar blir produsert ved hjelp av videokamera eller skjermopptaksprogrammet Screencast-o-matic. Vi presenterer videoar og ressursar for eigne elevar fortløpande i prosjektet. Målet med prosjektet er auka læringseffekt, ved å tilpasse undervisninga ved hjelp av video, og fortløpande vurdering for læring ved hjelp av eigenvurdering. Vi ynskjer å arbeide for ein god delingskultur, og vil forsøke å bygge opp ein videoressursbank for ulike fag på skulen.

Pedagogiske målsettingar:

Tilpassa opplæring

Ved bruk av video kan ein differensiere undervisninga i tempo og nivå. Nokre forstår ved første gjennomgang, medan andre har behov for å “setje læraren på pause”, og sjå videoen fleire gonger. Nokre elevar kan raskt gå vidare til neste nivå,  andre treng meir tid før dei kan seie seg ferdig med eit tema. Elevar lærer på ulike måtar. Video er ein fin måte å variere undervisninga på. Når teori blir gjennomgått på  video, får læraren meir tid til kvar elev i klasserommet, og det blir meir tid  til  samarbeid og individuell rettleiing. Videogjennomgang av teoristoff kan også føre til meir strukturert  presentasjon av fagstoff. Fordi filmane er tilgjengeleg for elevane når som helst, kan dei brukast til repetisjon og tilrettelegging av undervisning ved ulike typar fråvær.

Vurdering for læring

Vi ynskjer å la elevane fylle ut eit digitalt eigenvurderingsskjema tilknytta videoleksjonane. Her får læraren oversikt over kva elevane har lært av videoen, og kva dei treng hjelp til å forstå vidare, og kan gå direkte til desse elevane og rettleie dei akkurat på det nivået der dei treng hjelp. På denne måten går det kortare tid frå eleven vurderer kor han er i læringsprosessen, til han får veiledning frå læraren til å kome vidare. Når eigenvurderinga blir brukt direkte i læringsprosessen, får ein vurdering for læring. Tanken er at elevene etter å ha sett ein video skal seie noko om kva dei har sett, kor godt dei har forstått innhaldet og stille spørsmål dersom noko var uklart.

Det er også mogleg å bruke video som tilbakemelding etter eller undervegs i vurderingsarbeid. Ein kan lage videogjennomgang av oppgåver, løsningsforslag eller tekstar. Mange elevar meiner dei lærer mest av slike munnlege tilbakemeldingar, andre likar skriftlege best. Med video er det mogleg å tilpasse dette til kvar enkelt elev.

Kunnskapssyn

Ved bruk av omvendt undervisning er eleven ved rattet. Kvar elev må ta tak i eiga læring, og tenke gjennom kva det er dei ikkje forstår. Å vere ein aktiv del av sin eigen læringsprosess fører til auka interesse og forståing for dei ulike faga.

Konkret produkt

  • Lage ein ressursbank med videoar som alle lærarane på skulen kan nytte
  • Lage delbare videoressursar med oppgåver i it`s Learning, gskole og Campus Inkrement)

Aktiviteter i prosjektet

AktivitetErfaringerFra mnd.Til mnd.
Videoproduksjon til bruk i eiga undervisning 01.01.2016 01.06.2016
Foredrag med Elisabeth Engum 01.01.2016 01.06.2016
Kurs i omvendt undervisning 01.02.2016
Erfaringsutveksling innad i prosjektgruppa 01.05.2016
Erfaringsdeling eigen skule (plenum og seksjonsvis) 01.06.2016
Videoproduksjon og systematisering 01.08.2016 01.06.2018

Erfaringer underveis

Plan for erfaringsdeling

  • Erfaringsdeling eigen skule vår 2016
  • Workshop med kollegaopplæring haust 2016
  • Erfaringsdeling eigen skule vår 2017
  • Erfaringsdeling DGD 2018
  • Deling av ressursar (videoar og oppgåver) på it`s Learning (frå haust 2016) eigen skule?
  • Deling av ressursar (videoar og oppgåver) på it`s Learning (frå haust 2017) i HFK?
  • Workshop med kollegaopplæring vår 2018
  • Webseminar og/eller skjermvideo om bruk av omvendt undervisning vår 2018

Pedagogisk personale

Alfredsen, Astrid: naturfag og biologi

Berge, Terje: dokumentasjon

Digranes, Unni: tysk, engelsk

Grana, Anne Mette:

Kambestad, Øystein: matematikk

Klepsvik, Trude: spansk og fransk

Nondal, Ingebjørg: norsk

Skalstad, Paul: fransk og engelsk

Sæd, Synnøva: kroppsøving og treningslære

Wunderlich, Michael: smedfag

Ølmheim, Elise: matematikk, naturfag