Vurdering på nettbrett med lannotate

Bakgrunn og mål

Bakgrunn for prosjektet

To av lærarane i norskseksjonen prøvde ut nettbrett med appen lannotate som vurderingsverktøy skoleåret 2014/15, for å sjå om dette kunne vere eit nyttig verktøy i arbeid med elevtekstar. Bakgrunnen for prosjektet er at arbeidsbyrden for språklærarar, og spesielt norsklærarar, er stor, og vurderingsarbeidet er tidkrevande. Dei to lærarane som prøvde ut dette (m.a. prosjektleiarfor dette prosjektet) opplevde at bruken av nettbrett i vurderingsarbeidet både var ei arbeidslette for lærarane og gav eit betre utbytte av vurderinga for elevane. Med fjorårets pilotprosjekt som bakteppe, ynskjer ein no å utvide dette prosjektet til fleire lærarar, også innanfor andre språkfag. Deltakarane i årets prosjekt er ikkje berre norsklærarar, men òg knytt til andre språkfag som engelsk og spansk.

Mål

  • Å styrke arbeidet med vurdering for læring ved skolen.
  • Å gje elevane læringsfremjande vurderingar som dei har nytte av – Å vidareutvikle arbeidet med prosessorientert skriving, ettersom bruk av nettbrettfrigjer tid for språklærarane som kan nyttast til arbeid med prosess-skriving.
  • Å auke den faglege og pedagogiske bruken av IKT i læringsarbeidet.