Nettbrett på Kvardagsliv

Bakgrunn og mål

Bakgrunn for prosjektet

Elevar i kvardagslivgruppa på Olsvikåsen Videregående har nettbrett og brukar det i klassen.

Dei fleste elevane vi har no har multifunksjons-hemming og ikkje talespråk.

Eg ynskjer å starte eit prosjekt med nettbrett til bruk i kommunikasjon, informasjonsdeling og spesialundervisning innan ulike emne. (Ein sideeffekt kan også vere generell kompetanseauke i bruk av digitale hjelpemidlar). Elevane brukar alt no nettbrett til kommunikasjon via bilder og film. Bruk av nettbrett er inkluderande i og med at mange ungdommar har det, og våre elevar kan kommunisere med dei via brettet.

Det vert aktuelt for elevane å halde fram med nettbrett på dagsenter/ tilrettelagt arbeid seinare. Det vil verte bruk for dette vidare for andre elevar og.

Personalet treng å auka kompetansen på nettbrett for å kunne drive spesialundervisning, i og med at skulekvardagen vert meir og meir digitalisert. I Hordaland fylkeskommune sin IT-strategi for opplæringssektoren 2014-2015 er hovedmålet: «å bidra til å auka læringsutbyte ogfullføring ved at alle elevar, lærarara og lærlingar nyttar IKT-verktøy aktivt i lærings- og vurderingsarbeidet.». (Hos oss deltek også miljøarbeidarane).

Mål

Elevane skal kunne bruke nettbrett til å kommunisere via bilder, film og symbol. Dei skal kunne være med og ta bilder og filmar.

Elevar skal kunne bruke ulike pedagogiske appar/ progam og å styre funksjonar i appen ved å trykke.

Elevar skal kunne bruke nettbrettet med ASK (alternativt supplerande kommunikasjon) ved å bruke bilder og symbol med talefunksjon, for eksempel programma Grid2, Rolltalk og Tobii Symbolmate.

Personalet skal auke sin digitale kompetanse slik at spesialundervisninga vert effektiv når det gjeld å auke kompetansen hos elevane.

Personalet skal raskt kunne oppdatere seg på it\’s Learning og elles i ein travel kvardag med elevane.