Prosjekt nettbrett kvardagslivtrening

Bakgrunn og mål

Elevane i tilrettelagt undervisning, i dette tilfellet kvardagslivstrening, har utfordringar i form av nedsett taleevne eller motorikk. Det er her ein ønskjer at eit prosjekt med fokus på digitalt verktøy, kan gi erfaringar som kan hjelpe elevane i språkopplæringa. P.t. vert Rolltalk brukt i språkopplæring og kommunikasjon med fleire av elevane i klassen, i ein ein-til-ein-situasjon.

Gjennom dei siste åra har skulen hatt fokus på denne elevgruppa, med andre ord  gjennom ei forbetring av dei fysiske undervisningslokala. Alt med tanke på at elevane skal ha gode læringsarenaer, der det er lagt til rette for både felles økter og rom for individuell oppfølging. Lærarane og miljøfagarbeidarane er i utvikling når det gjeld bruk av t.d. Rolltalk, og det er her ein tenker at eit prosjekt kan bidra til ei pedagogisk endring for desse elevane, gjennom utprøving av nemnde verktøy og nye program. Bruk av bilete er òg viktig pedagogisk for denne gruppa, og ein må etablere ein felles lagringsplass for denne bruken. Ikkje minst kan eit prosjekt som dette bidra til auka status for elevgruppa. Desse får høve til å prøve ut teknologi ingen av dei andre elevane på skulen har tilgang til.

Målet for prosjektet skal vere at lærarane evner å auke den pedagogiske bruken av IKT-verktøy og metodar ut frå dagens situasjon, og ikkje minst bidra til auka motivasjon og læring i gruppa for kvardagslivstrening.

Rektor har oppretta kontakt med Kvinnherad vidaregåande skule, der dei òg har starta eit prosjekt «Bruk av IKT i lærings- og vurderingarbeidet», nettopp i ein kvardagslivsgruppe. For Rogne vidaregåande skule, som er ein liten skule, er det særs viktig å utveksle erfaringar, dele og bygge nettverk med andre skular. Å skaffe seg ein samarbeidsskule i eit utviklingsprosjekt, bør vere ein styrke for alle partar.

Oppsummert skal ein gjennom prosjektet sjå om bruk av digitale verktøy vil auka motivasjon og læring for den enkelte elev i kvardagslivsklassen.

Oppsummering og veien vidare

Elevane i Kvardagslivsgruppa fekk iPad`ane våren 13. Denne tida bruket både elevane og me tilsette til å gjera oss kjent med bruken. Me brukte mykje tid på å leite fram helst gratis app`ar som kunne vere greie å bruke for våre elevar. Det viste seg at det var heller få app`ar me kunne nyttegjere oss av som me fann på denne måten. Etter kvart fekk me nokre tips som var nyttige frå andre som brukte app`ar i undervisningssamanheng og kunne nyttegjere oss desse.

I Skuleåret 2013/2014 har me fokusert på å bruke spel i matematikk. Me har også brukt foto funksjon, med tekst og tale.

I matematikk er app`ane er eit suplement til den andre undervisninga me har. Dei fleste likar å arbeide med iPad `ane. Faren er at me ser at me ikkje alltid treffer med app`ane sitt faglege nivå inn mot eleven. Enten det vert for lett, eller for vanskeleg for eleven. Då opplever eleven det gjerne som underholdning. Men når me treffer ser me at elevane har godt læringsutbytte av app`ane. Me arbeider heile tida med val av spel inn mot elevane sitt nivå og interesse.

Nokre av elevane har store finmotoriske utfordringar og treng støtte for å greie å bruke iPad`en. Likevel ser me at dei har vorte flinkare etter kvart.

Lysten til å bruka iPad`en har også ein samanheng med om dei har hatt mestringsoppleving med den. For nokon har dette teke litt tid å få til.

Bilde, tekst og tale i bruka gjennom app har vore kjekt. Med tre ulike innfallsvinklar til temaet eleven jobbar mot vert dette nært og kjent. Denne måten å jobba på med iPad har kome som eit supplement i gruppa til allereie eksisterande hjelpemiddel på området. Fordelen med iPad er at den er lett og enkel å bruke for eleven og dei tilsette. Det er kjekt.

Generelt kan ein sei at bruk av iPad i undervisninga har vore positiv. Bruken er enkel og lystbetont for både elevar og tilsette. Den er lett å handter i forhold til mange andre elektroniske hjelpemiddel . Eit fint suplement i undervisninga for denne elevgruppa.

Me ser fram til å utvida bruken med ny elevgruppe til hausten og nyttiggjere oss erfaringane ein har gjort i løpet av prosjektperioden.

Marianne Haugo, kontaktlærar