Ipad i spesialundervisning

Bakgrunn og mål

I arbeidet med spesialundervisning i eigne grupper, her knytt til HTA- arbeidstreningsgruppene, møter skulen elevar som har mange ulike utfordringar. Gjennom eit relativt stort dokumentasjonsarbeid skal elevane ha ein IOP, som tek utgangspunkt i ein læreplan knytt til eit aktuelt programområde. Pedagogane som utarbeidar IOP, må ofte hente mål frå andre programområder, forme om disse og gjere dei målbare. Det er ikkje knytt læremiddel, vurderingsmateriell eller konkretiseringsmiddel til dette.

Målsettingar:

Programvarer, eller appar vert stadig utvikla både av spesialisthelsetenesta (døme; Statped vest og utvikling av Mine sirklar) og andre nasjonale og internasjonale aktørar. Gjennom å ta i bruk ulike appar, tilpassa dei einskilte elev, meiner me at me vil kunne stimulere elevane til meir læring. Me trur ein meir funksjonell og aktiv bruk av IKT, her med fokus på Ipad for elevane vil vere med på å utvikle undervisningsopplegg for elevane på ein god og målretta måte.

Via Ipad kan elevane gjere seg nytta av mange funksjonar og program/apparsom;

Leseprogram

Dagplanar

Meldingar

Få opplest melding/opplysingar

Kalenderfunksjonar/strukturere kvardagen

Rekneprogram, klokketrening, foto, film………..

Aktiviteter i prosjektet

AktivitetErfaringerFra mnd.Til mnd.
Innkjøp av Ipad 03.03.2014 05.05.2014
Utprøving av appar, brukarkonto og bruk i undesvisninga 05.05.2014 19.06.2015
Ta i bruk Ipad saman med elevane 05.05.2014 20.06.2014
Oppretting av prosjekt digitalskule.nol 03.03.2014
Ta ipad i bruk i faga norsk, matematikk og sosial trening 29.08.2014
Kurs i Mine sirklar 27.08.2014 27.08.2014
Sluttrapport våren 2015 til Opplæringsavdelinga seksjon skule

Erfaringer underveis

Elevane ser så langt ut til å vere svært motivert for arbeidet med ipad som reiskap i læringsarbeidet.