Lær der du er

Bakgrunn og mål

Elevane skal kunne velje den læringsforma dei lærer mest av (sjå ein skjermvideo om lærestoffet eller lese i læreboka).

Elevane skal ha tilgang på instruksjonar i viktige ferdigheiter i faget (korleis setje inn kjelder elektronisk)

Elevane skal kunne bruke appar på nettbrett eller mobil som kan hjelpe dei i læringsarbeidet (bruk av quizlet i språkfag)

Elevane skal få moglegheit til å forbetre munnlege prestasjonar. Skjermvideoar er ein god reiskap i slikt undervegsvurderingsarbeid.

Erfaringer underveis

Med innføringa av BYOD i HFK hausten 2013, ville vi sette oss inn i dei ulike moglegheitene utstyret gjev. Mange av våre elevar, særleg på toppidrettslinja, har mykje studiepermisjon i samband med treningsopphald, og vi ville gjerne finne ein måte å gjere læringsarbeidet meir tilgjengeleg for dei. Gjennom arbeidet fann vi ut at prosjektet også kunne hjelpe oss med å variere undervisnings- og vurderingsmetodane våre.

Prosjektet gav oss pengestøtte til å kunne kjøpe inn ein Mac, iPad og android-nettbrett. Dette gav oss moglegheita til verte kjent med utstyret elevane kunne kome med frå hausten 2013. Vi starta prosjektet med å setje oss inn i bruken av dette utstyret, og kva program som kunne brukast i læringsarbeidet. Den største utfordringa med slikt arbeid er tid, difor sette vi av to heile arbeidsdagar saman med IKT-konsulenten på Tertnes. Desse dagane lasta vi ned mange ulike program og appar for å teste ut kva og korleis det fungerte på Mac og android.

Vi ville gjerne ha eit godt notatskrivingsprogram, som gav elevane moglegheit til å samle læringsarbeidet sitt. Opphavleg ville vi gjerne bruke OneNote, men då prosjektet starta var dette programmet lite kompatibelt med Apple-utstyr. Difor brukte vi mykje tid på å setje oss inn i altenativ, som til dømes Evernote. Våren 2014 vart OneNote for Mac endeleg lansert, og vi går difor vekk frå Evernote. Det er tidkrevande å simultaninstruere elevar i ulike notatskrivingsprogram i klasserommet, difor vil vi gjerne halde oss til eitt.

I tillegg sette vi oss inn i Quizlet, for å kunne bruke dette på ein motiverande måte i læringsarbeidet. Fordelen med dette programmet er at det også kan lastast som ein app på mobil og nettbrett, og målet var å bruke i språklæringsarbeid, særleg i engelskfaget. Engelsklæraren har hatt permisjon frå skulen dette året, difor vart arbeidet med Quizlet lagt på is. Men vi kjem til å vidareføre dette arbeidet til hausten, også i norskfaget.

Det prosjektet hovudsakleg har handla om, er bruken av skjermvideoar. Etter å ha testa ut fleire skjermvideoprogram, landa vi på at Screencast-O-Matic var den enklaste å bruke. Vi brukar Pro-versjonen. Dette er fordi vi då får mykje betre redigeringsmoglegheiter, og viktigast: Pro-versjonen har ein manus-funksjon som gjer at ein kan spele inn på mykje kortare tid, med meir presist resultat. Til elevane sitt arbeid har vi brukt gratisversjonen.

Utgangspunktet for skjermvideoarbeidet, var å lage instruksjonsvideoar. Først og fremst ville vi lage instruksjonar til tekniske ferdigheiter elevane treng i fagarbeidet, til dømes å kunne setje inn kjeldereferansar og kjeldeliste i fagtekstar. Vi la ut instruksjonsvideoane på fagsidene på It\’s Learning, slik at elevane kunne bruke dei når dei trengte dei. Det neste steget vart å lage læringsvideoar, der vi gjekk gjennom sentralt fagstoff som elevane ofte har bruk for. I læringsarbeidet kunne eleven då velje om han/ho ville lese i læreboka, eller sjå videoen i eige tempo. Dette vert eit form for tilpassa opplæring.

Undervegs i dette arbeidet fann vi ut at skjermvideoar også godt kan brukast i vurderingsarbeid, og at det gjev gode moglegheiter for undervegsvurdering, særleg av munnlege ferdigheiter. Elevane kan spele inn sine eigne videoar, der dei forklarar fagstoff både verbalt og visuelt. Vi har brukt dette til biletanalyse i norskfaget, men ein kan tenke seg at dette er aktuelt i mange andre fag, til dømes realfaga, språkfag og samfunnsfag. Elevane fekk tilbakemelding på videoen og fekk levere ein revidert versjon. Slik sparar ein klasseromstid og får samstundes jobba med munnlege ferdigheiter. Særleg moglegheita til å jobbe med språkleg presisjon munnleg, har vi funne verdifullt. Planen for vidareføring av dette arbeidet, er å kjøpe inn gode hodetelefonar med mikrofon, slik at kvaliteten på lydopptaka vert betre.

Som del av rapporteringa, deltok vi på Dei gode døma 27. mars 2014, og presenterte arbeidet med skjermvideoane. Presentasjonen er her.

Oppsummering og veien vidare

Vi ser at det tek mykje tid å drive IKT-utviklingsarbeid, særleg å setje seg inn i ulike program for å kunne ta eit velgrunna val. Samstundes ser vi at dette arbeidet har skapt nye variasjonsmoglegheiter i undervisninga, som vi ikkje såg føre oss i byrjinga av arbeidet. Det er ikkje tvil om at det å lage skjermvideoar er tidkrevjande, sjølv i Pro-versjonen, men arbeidet kan då brukast om og om igjen. Vi kjem til å halde fram med å bruke skjermvideoar, både i undervisning, instruksjon og vurdering. Elevane gjev tilbakemelding om at dette arbeidet fremjar læring.