Idrett -vurdering i aktivitetslære og toppidrett

Bakgrunn og mål

  • Læringsprosjektet starta hausten 2011, og er konsentrert rundt aktivitetslære- og toppidrettsfaget innan idrettane skiskyting og langrenn.
  • Eit mål var tettare oppfylging av elevar ved bruk av ikt-verktøy som t.d. online treningsdagbok, video og Ipad .
  • Eit anna mål var betre vurderingsrutinar, både i høve til eigenvurdering og sluttvurdering i faget.

 

 

Aktiviteter i prosjektet

AktivitetErfaringerFra mnd.Til mnd.
Online treningsdagbok 02.09.2011
Video i vurderingsarbeidet 02.09.2011
Ipad i vurderingsarbeidet 03.01.2013

Erfaringer underveis

  • Online treningsdagbok fungerer jamt over godt – men er òg avhengig av eleven sjølv og hans/hennar oppfølgjing av føring og treningsplanlegging.
  • Det har vorte lettare med raske tilbakemeldingar og spesifikk vurdering av trenignsarbeidet, dvs evaluere detaljar i t.d. teknikk.
  • Utfordringa ligg i at det tar mykje tid å lesa/vurdera treningsdagbøker

 

  • Video har den føremona at ein får filma mange løparar på kort tid. Det er eit system som fungerer veldig bra på samlingar, det gjeld både som eigenvurdering og vurdering saman med lærar.  Video fungerer også bra for eigenvurdering når me trenar heime. Då legg me ut filmen på Google drive, der eleven kan laste ned video i etterkant. Video er god å bruke på kalde vinterdagar sidan ein kan bruke hanskar når ein filmar.
  • Utfordringane ligg i å få lagt ut filmen raskt nok når me trenar på skulen. Det skjer mykje anna samstundes, og det blir ofte lite tid til å setja seg ned med eleven å sjå på opptaka i nær tid etter treninga.
  • IPad brukar me som oftast når me vil gi elevane raske tilbakemeldingar ute i løypa. Me filmar løparen undervegs i trening/konkurranse og vurderer utføringa saman med eleven like etterpå. Me har fått gode tilbakemeldingar på bruk av dette frå elevane.
  • Utfordringane ligg i tidsbruken, me brukar mykje tid på kvar enkelt elev. Det går ofte lang tid før me får filma/diskutert med alle elevane.  Ipad har godt batteri i kulde, men det går litt tregt med tøtsj i 15 minus, men det går. Me brukar stort sett ikkje nettbrettet når det er for kaldt, då fungerer video betre.

 

Oppsummering og veien vidare

  • Prosjektet er ikkje avslutta, men me har gjort ei evaluering av der me er pr dd.
  • Erfaringane me har gjort til no er at lærarane er blitt flinkare til å sjå kvar enkelt elev gjennom denne arbeidsmåten. Me kjem «tettare» inn på elevane i kvardagen, og elevane tek lettare kontakt med lærarane enn før.
  • Det er vorte lettare å treffa eleven sitt nivå. Alle skal ikkje bli verdsmeistrar så det er viktig å leggje nivået på treninga slik at det høver for den einskilde eleven.
  • Målet har vore å gjera elevane meir sjølvstendige i treningsarbeidet sitt. Dette slår litt ulikt ut av di det er skilnad på kor mykje elevane vil at læraren skal hjelpe til. Nokon ynskjer mykje støtte, medan andre er meir sjølvstendige. Me føler at denne arbeidsmåten legg betre til rette for at elevane skal nå denne målsettinga.
  • Eit anna mål har vore å få betre dokumentasjon for vurderinga. Filminga og treningsdagboka gjer at me har meir dokumentasjon på eleven når det gjeld trening og vurdering. Dette brukar lærarane aktivt i karaktersettinga.
  • Det er framleis utøvaren sjølv som må gjera arbeidet for å bli ein god idrettsutøvar.
  • Gode forhold for trening og utvikling av gode idrettsanlegg har saman med dette læringsprosjektet gjort det mogleg for idrettselevar å koma eit skritt nærare målet sitt innan idretten sin.