Bruk av IKT i Kroppsøvingsfaget

Bakgrunn og mål

«For at Voss Husflidskule skal vera ein god skule, skal vi driva systematisk utviklingsarbeid. Dette arbeidet omfattar vidareføring og forbetring av skulen sitt opplæringstilbod og samla drift.

Eitt av satsingsområda i skulen sitt utviklingsarbeid er IKT i læringsarbeidet, og i tiltaksplanen ligg følgjande krav til den enkelte lærar:

  • Kvar lærar har ansvar for å tilegne seg kompetanse
  • Auka målretta bruk av IKT i læringsarbeidet
  • Ein meir variert bruk av IKT i læringsarbeidet[1]

Kroppsøvingsfaget viser seg å være ein indikator i forhold til fråværsproblematikk, og difor ekstra viktig å skape høve til tilrettelegging, auke motivasjon for faget og sikre gode vurderingsgrunnlag, for å bidra til ny motivasjon og auka læring.

Som eit tiltak har rektor tidlegare etablert samarbeid med denne seksjonen på Voss Gymnas, med det resultat av vår kroppsøvingslærar har blitt invitert til fagmøter der. I tillegg er idrettsseksjonen ved Voss Gymnas i gang med eit utviklingsprosjekt med fokus på vurdering gjennom bruk av I-Pad for lærarane, og difor er det òg etablert eit samarbeid i denne samanhengen. Prosjektleiar ved Voss Gymnas er Jarle Ure, ser det som positivt å samarbeide med kroppsøvingslærar ved Voss Husflidskule. For skulen er det ein viktig faktor å opprette samarbeid òg utanfor eigen skule, noko som er nedfelt i utviklingsplanen.

Gjennom å søkje utviklingsprosjekt i faget kroppsøving, legg skulen til rette for auka motivasjon og auka bruk av IKT i læringsarbeidet. Eit utviklingsprosjekt krev at ein bryt nokre grenser for eiga praksis. Nettbrettet kan bli ein katalysator for å endre praksis.

Skulen har to funksjonshemma elevar, noko som fordrar eigen assistent i kroppsøvingstimane. For å sikre vurderinga av desse to elevane vil miljøarbeidar avhjelpe til å dokumentere vurderingssituasjonar. Det vil vere eit trekk i retning av å motivere elevane, samt bidra til å sikre og lette logistikken rundt vurderingssituasjonane for lærar.

Miljøarbeidar vil difor vere ein viktig faktor for å sikre vurderingssituasjonar.

Oppsummert skal ein gjennom prosjektet sjå om bruk av iPad vil betre vurderingssituasjonane i kroppsøvingsfaget, samt endre praksis i timane. »

[1]Voss Husflidskule, Utviklingsplan 2012-13, s 7

Erfaringer underveis

Våren 2013 var prega av vanskeleg nettilgang. Ytre omstende resulterte i at det ikkje var noko aktivitet i prosjektet hausten 2013. På bakgrunn av eit positivt ønskje om å ta verktøyet i bruk for skuleåret 2014-15, vart det bestemt at prosjektet i kroppsøving skal forlengast i eitt år.

Oppsummering og veien vidare

Prosjektet i kroppsøving skal forlengast i eitt år. Ei sluttevaluering vil som ein konsekvens av dette, først bli definert i juni 2015.