Nettbrett i Frisørfag

Bakgrunn og mål

Nettbrett til nytte i undervisninga i frisørfag.

Vi på frisørlinja ved Voss vidaregåande skule, ynskjer å nytte nettbrett som hjelpemiddel i produksjonsfaget. Me ynskjer å arbeide for at elevane og lærarane skal lære seg å bruke digitale verktøy som det hjelpemiddelet det kan vere. Slik vi ser det, kan elevane verta motiverte og ha stort utbytte ved å nytte nettbrett.

Vi har i dag to nettbrett tilgjengeleg og vil nytte det  til å ta bilete og lett kunne redigere og legge det ilag med teikningane i mappa si på its, learning.

I SALONGEN

  • Dokumentasjon i form av bilete, noko elevane skal gjere til einkvar tid.
  • Dokumentasjon av arbeid med teikningar.
  • Etter kvart nytte digitalt teikneprogram.
  • Inspirasjon.
  • Kunne lagre arbeidet direkte i mappe på it,s learning og på den måten  ha orden og lære seg å dokumentere  arbeidet godt.
  • Ved problem, vil lærar enkelt kunne finne fram og forklare både teikning og faglege vanskar.

Vi ynskjer og å nytte teikneprogram der vi lett kan vise og forklare i praktisk arbeid i salongen gjennom prosessen.

I ARBEID UTE

  • Vi er opptekne av samarbeid både i salongar og gjerne deltaking i arrangement som musikal, moteshow, NM i frisering og Prosjekt til fordjuping.
  • Med nettbrett vil vi kunne filme og ta bilete gjennom prosessar, dette kan vi nytte i læringa vidare.

APPS

Vi kjem til å nytte forskjellege appar til å vise frisyrar til kundar, vi jobbar og prøver ut for å finne den det som passar oss best.

Vi kjem og til å nytte bilder/video for å sjå kva farge kundar kler, fargeanalyse før behandling.

Vi vil med elevanes samtykke  filme situasjonar til nytte for å hjelpe elevane og kunne gje konstruktiv og positiv tilbakemelding.

Dette vil og hjelpe oss som lærarar, kvalitetssikre arbeidet og  forsikre oss om at vi har gått gjennom alt og/eller om det  er noko som må repiterast.

Faglærar, Ingunn Raad