OneNote i administrativt samarbeid

Bakgrunn og mål

Leiinga ved Voss vidaregåande skule, prosjekt OneNote

IKT er eit prioritert område for Voss vidaregåande skule.   IKT er sett i samanhang i Utviklingsplan for skulen.  Heile skulen har vore med i utviklinga av denne utviklinsplanen.  Det får som konsekvens at også leiinga på skulen må ta sitt ansvar for IKT og utvikling innan dette området.

Leiargruppa har i møte diskutert og kome fram til eit prosjekt knytta til IKT og ynskjer å fokusere på digital samhandling mellom leiarane.  Til dette formålet er OneNote tenkt som verktøy.  For leiargruppa (6 personar) er det kjøpt inn Microsoft Surface som utstyr og det er planlagt kurs for leiargruppa, med støtte frå leiiarar ved Voss husflidskule som har erfaring med OneNote og Surfase frå før.

OneNote prosjektet til leiargruppa ved Voss vidaregåande skule har som mål:

– auke den digitale kunnskapen til leiarane ved skulen
– utnytte IKT-verktøy som reiskap for leiinga
– utnytte digital delingskultur for å gje den enkelte betre oversikt over saker
– utnytte delingskultur slik at den enkelte leiar kan bidra og ta meir ansvar for saker
– gjennom delingskulturen gje leiarar betre oversikt over sakstilfang ved digital sakslokalisering

Gjennom desse måla vil prosjektet OneNote gje leiargruppa ei god plattform for digital samhandling.  Den enkelte leiar vil i eitt system ha oversikt over saker som til kvar tid er under arbeid og leiargruppa vil kunne «samskrive» om saker som fleire i leiargruppa har samarbeid om.
Leiargruppa vil også gjennom dette OneNote-prosjektet gje signal om at IKT er viktig for skulen og at det som er nedfelt i Utviklingsplanen også gjeld for leiargruppa.  Slik sett vil fokus på IKT bli sterkare for skulen.