Heildigital undervisning

Bakgrunn og mål

IKT-Servicefag, Drift og Vedlikehald

I dette faget skal elevane utvikle si eiga lærebok/notatbok gjennom bruk av blogg.  Lærar vil nytte blogg som kommunikasjonsmiddel mot elevane.  Det er eit mål at undervisninga skal gå utan bruk av papir og bygge på prinsippet om heildigital undervisning.  All fagleg kommunikasjon til/frå lærar elev og elev til elev, går gjennom blogg-systemet. Det vil bli fokus på Smartboard til felles visning, og i forhold til fagleg rettleiing og vurdering av arbeid som er i digital form.

IKT-fag er eit fagområde med mange endringar (på kort tid)av faglege element  i dette faget er det derfor ei ekstra utfordring i forhold til læremiddel.   Voss vidaregåande skule har ei klasse(2SSISFA) i IKT-Sevicefag,  i andre klasse.   Denne klassen har tre programfag:

– Drift og vedlikehold
– Bruker- og Driftsstøtte
– Virksomhetsstøtte

Endringstakt i alle desse faga er lik og det er ikkje utvikla fullgode læremiddel til desse faga. I faget Drift og vedlikehold i denne klassen er det eit over fleire år undervist med eit pedagogisk opplegg som tek utgangspunkt i heildigital undervisning.  For faget Drift og vedlikehold er det i undervisninga nytta blogg som kommunikasjonsmiddel mellom elevane og lærar slik at elevane utviklar si eiga fagbok i det pedagogiske arbeidet med faget og i forhold til å publisere fagstoff gjennom bruk av blogg som ei notatbok/lærebok for faget.

Målsetning med dette prosjektet er :

– elevane skal utvikle si eiga fagbok/notatbok
– lærar publiserer fagstoff i sin blogg og nyttar blogg som publisering mot elevane
– all kommunikasjon som prøver, oppgåver, teikningar, arbeid i timar, heildagsprøver blir dokumentert og publisert gjennom blogg
– organisere utstrakt delingskultur mellom alle elevane/og med lærar i faget (open blogg)
– smartboard skal nyttast av lærar til gjennomgang av fagstoff i klassen og fagstoff skal publiserast direkte i bloggen

I faget vil klassen nytte bloggsystemet  ePortfolio som ligg internt i ITsLearning.  I prosjektet vil ePortfolio– elementa,  om meg, mapper og blogg bli nytta litt ulikt av den enkelte elev/lærar.  Om meg er elevane sin eigen profilering av seg sjølv, mapper blir brukt til fagelement og blogg-delen kan elevane nytte til å publisere stoff dei er spesielt interessert i og stoff som dei finn på nett eller ynskjer å publisere som fagtilfangsstoff.

Blogg-systemet ePortfolio i Skuleportalen eller ITsLearning er eit enkelt oppsett om kan bli betre, men som eit utgangspunkt kan det vere eit verktøy som er nær skulekvardagen til elevane i og med at skulen har ITsLearning som LMS og kommunikasjonsplattform i sitt pedagogiske arbeid.

Alt arbeid i faget Drift og vedlikehold vil skje digitalt.  Arbeid som elevane utfører blir publisert i bloggen til den enkelte og læraren sitt arbeid blir også publisert i fagbloggen til læraren.  Det vert ikkje delt ut papir i dette faget, all undervisning vil derfor gå heidigitalt.  Læraren vil støtte seg til lærestoff som han har utvikla og ulikt lærestoff blir henta får ulike kjelder på Internett i form av artiklar, teikningar, videoar, animasjonar, forelesningar og anna stoff som er høveleg.

Bloggen til elevane blir også ein del av vurderingsgrunnlaget i faget.  I tillegg til blogg, vil prøver, heildagsprøver  og munlege fagsamtalar gje eit total-grunnlag for fastsetjing av karakter i faget.