Nettbrett og Apps i Byggfag

Bakgrunn og mål

Nettbrett som ein del av undervisninga på byggfag.

Byggfag, ved Voss vidaregåande skule,  ynskjer å ta i bruk nettbrett som hjelpemiddel i faget Produksjon. Me ynskjer å arbeida for at elevane og lærarane skal kunne bruke digitale verktøy som hjelpemiddel. Me trur at dette vil auka elevane og lærarane sin motivasjon til å bruka slike verktøy for betre læring. Me ynskjer at begge Vg1 klassane skal ha eit nettbrett kvar, nettbrettet skal brukast til:

Lasta ned APPs til bruk i undervisninga, som for eksempel:

http://www.netweber.co.uk/services/weber-app.html

http://trenytt.no/Nyheter/Siste-nytt/Arkiv/2013/Februar-2013/Bjelkelagstabellen-som-app

http://www.glava.no/bygg/etterisolering/tak-og-loft/last-ned-glava-app/

Me ynskjer å bruka nettbrett til HMT arbeid, her vil elevar få i oppgåve å ta bilde, filma ute på byggeplassen. Korleis handterer me verneutstyr, personleg arbeidstøy, stillasarbeid mm.

http://apps.no/produkter/enterprise/hms/

Her kan elevane førebygga ulykker, legge inn nesten hendingar eller ulykker på byggeplassen.

Dokumentasjon av arbeid på byggeplassen er viktig, har me utført arbeidet etter gjeldande byggeforskrifter, har me brukt rette materialar og dimensjonar. Her må elevane ta bilde av detaljar på bygget, samt skriva ned kva som er gjort og kva materialar som er brukt.  Me har i dag lisensar hjå byggforsk Sintef, her kan me gå direkte inn å finne løysingar på byggdetaljer.

http://bks.byggforsk.no/

Me kan i teoritimane ta opp igjen bilde av byggeprosessen vår og diskutera dei ulike løysingane me brukte. Alle elevane skal skriva rapport frå arbeidet og vil då kunne nytta seg av bilde og informasjon frå byggeplassen.

http://dibk.no/dibk_tilsyn

Me ynskjer Ipad nettbrett då mange APPs er best egna for denne.

Klassane på byggfag vil også  nytte smartbok som læremiddel i undervisninga. Smartboka er som ei vanleg lærebok, men den har ei digital utforming og er publisert på nett.   Sjekk desse linkane for eksempel på denne typen lærebøker:

http://www.smartbok.no/Videregaaende/Bygg-og-anleggsteknikk/Produksjon-BA-serien-Smartbok?source=tittel

http://bok.smartbok.no/app/default.aspx?packagePath=isolering_og_overflatebeskyttelse#

I denne typen bøker kan du få  teksten lest (som lyd), og du vel sjølv kor i boka du vil starte avspelinga av teksten. Du kan også ta notatar, legge til bokmerker og markere i teksten. Smartboka fungerer på PC, MAC og iPad, og er eigna for både projektor og digitale tavler.

Slike bøker kan også ha filmar, trekk-og-dra oppgåver, digitale arbeidsark og teikningar kan dreiast/endrast storleik på.  Dette gjev fleire pedagogiske fordelar.

Med venleg helsing
Leif Johan Mandelid
Fagansvarleg Byggfag