Kroppsøving er eit fag med fysisk aktivitet og eit av måla i læreplanen omhandlar eigentrening for Vg3 elevane. I tillegg har ein ofte elevar som har krav på tilrettelagt undervisning i kroppsøving av ulike fysiske skader eller anna årsak. Elevane kan då ved hjelp av Ipad dokumentera sine fysiske aktivitetar i faget gjennom film og video. Dette vil ha som mål å dokumentere framgang i faget og lærar/elevar kan saman vurdere filmen og koma fram med tiltak for å forbetre teknikk, tips om korleis ein kan gjere ting betre. Ipad er spesielt tenkt brukt mot dei elevane som har vanskeleg til å uttrykkje seg ved å skrive på papir, truleg vi Ipad vere meir motiverande for desse elevane.
I fellestimane:
– Dokumentasjon av teknikkar, kva må eleven arbeide med for å fobetre dette. Korleis arbeider eleven ?
– Lagspel, korleis fungerar laget ?
I eigentreninga:
– Bilete og film som dokumentasjon på kva dei har gjort.
– Bilete og film som dokumentasjon på framgang.
– Dei kan laste dette rett opp i mappene sine på it’s learning, og såleis få levert dokumnetasjon på trening raskt.